Ein nøgd Øyvind Kyvik fekk blomar av partiet etter nominasjonsmøtet. Foto: Stord Høgre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det var litan tvil om utfallet, men no er det offisielt: Øyvind Kyvik skal kjempe mot Gaute Epland om ordførarvervet til neste år.

Eit samrøystes nominasjonsmøte i Høgre sa ja til at Øyvind Kyvik skal vere Høgre sin ordførarkandidat ved neste års kommuneval.

Komiteen var på førehand fulle av lovord for den driftige 30-åringen, som til dagleg jobbar som ingeniør på Kværner.

– Me er svært glade for at Øyvind har takka ja til denne utfordringa, og meinar han utvilsamt vil bli ein svært god ordførar for alle på Stord og utad representere Stord på ein framifrå måte, skreiv komiteen.

- Annonse -

Kyvik har fleire ulike verv i dag, mellom anna som leiar for Stord idrettsråd, men har ingen politisk erfaring frå kommunestyret.

Dette var også tilfellet for Liv Kari Eskeland då ho vart Høgre sin ordførarkandidat i 2007.

- Annonse -