Foto: Halsnøysambandet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Søndag kveld melder regjeringa at dei slettar bompengeinnkrevjinga i Halsnøytunnelen.

– Dette er nesten like stort som då vi klypte snora og opna tunnelen. Dette nyhendet gir gåsehud, seier lokalpolitikar i Kvinnherad, Synnøve Handeland (V) til Kvinnheringen.

Kvinnherad-Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) seier at dette er det første bompengeprosjektet i landet som blir sletta av den sitjande regjeringa.

– Halsnøysambandet er det første i landet som blir sletta, og det er ein stor gåvepakke til Kvinnherad. Dette vil ha enorm tyding for både private og næringslivet, og er svært god distriktspolitikk, seier Slettebø til avisa.

I følgje Kvinnheringen kjem regjeringa med nyheita i forkant av at revidert nasjonalbudsjett vil bli lagt fram måndag. Her er det varsla at regjeringa kjem til å nytta 200 millionar kroner på å rive bomstasjonar.

- Annonse -

Prisen for å køyre gjennom Halsnøysambandet ligg i dag på 100 kroner.

- Annonse -
- Annonse -

Etter gjeldande planar ville bompengeinnkrevjinga halde fram til 2023.

Den siste tida har det vore bekymring for om denne perioden måtte utsetjast, på bakgrunn av at det har vorte betalt inn alt for lite bompengar i høve nedbetalingsplanen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -