Etter ein tre år lang rettsprosess vart saka endeleg avgjort av Høgsterett førre veke.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein no 21 år gammal mann frå Kvinnherad er dømt til 120 dagar i fengsel og til å betale ei erstatning på 625.000 kroner etter at han i 2015 køyrde på ein mopedist på Halsnøy.

Ein 47 år gammal mann som køyrde ein moped omkom momentant etter at blei treft av bilføraren, som då var 18 år gammal.

Den unge mannen hadde berre hatt lappen i nokre veker då han utførte forbikøyring i stor fart, medan 47-åringen skulle svinge til venstre i eit kryss på Halsnøy.

Mannen vart kasta 32 meter framover vegen etter krasjet og døydde momentant av hovudskadar.

Saka har gått heilt til Høgsterett, over ein over tre års lang rettsprosess. Høgsterett valde tysdag å forkaste anken frå 21-åringen, skriv Bergens Tidende.

Han blei først frifunnen i Sunnhordland tingrett, men blei seinare dømt til 120 dagars fengsel i Gulating lagmannsrett. Høgsterett har valt å oppretthalde straffa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Forsvararen til 21-åringen, Per Ivar Hessen, seier til BT at han meiner straffa er for streng, i og med at mopedføraren tok av frå vegen utan å gi signal.

På bakgrunn av tekniske undersøkingar vert det lagt til grunn at 19-åringen har køyrt i mellom 75 og 90 km/t i 60-sona.

– Dommen er eit signal til ungdom bak rattet, og bilførarar generelt, i vurderinga av risikoen det medfører å køyre for fort, seier forsvarsadvokaten.

Utanom fengselsstraffa vart 21-åringen også dømt til å betale erstatning på 625.000 kroner og tap av førarretten i tre år.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -