Faksimile/foto: Sunnhordland/Høgre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) i Kvinnherad har fredag ei annonse i bladet Sunnhordland der dei signaliserer interesse for å kjøpe ein strandeigedom på Stord.

«Kvinnherad kommune vurderer kjøp av strandeigedom på Stord, området Djupavikneset-Grov. Aktuelle seljarar vert beden om å ta kontakt».

Slik er ordlyden i annonsa Kvinnherad har ute i fredagens utgåve av Sunnhordland.

– Dette er noko eg har tenkt på ei stund. Viss det dukkar opp nokon interessante eigedommar, og ein får forhandla fram ein god pris med eigar, kan det vera aktuelt å leggja det fram for Formannskapet med tanke på kjøp, forklarer ordføraren overfor Kvinnheringen.

Slettebø avviser ikkje at eigedommen kan verta forsøkt nytta som stad for utbygging av ferjekai.

– Eg forstår at folk kanskje tenker i dei banar, og eg vil ikkje avvisa at eigedommen kan bli brukt til det. Eg meiner det kan vera bra for Kvinnherad å ha fast eigedom på Stord.

- Annonse -

Han seier at det no er eit godt samarbeid med Stord og Tysnes om Sunnfast, men sidan dette prosjektet ligg såpass langt fram i tid ønskjer han å sjå på andre alternativ.

Det er ikkje lang tid sidan samtalane om innkorting av ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad stranda på nytt. Stord kommune meinte det ikkje var råd å gå vidare med prosessen, då det ikkje vil bli løyva ferjeavløysingsmidlar til prosjektet.

Slettebø uttrykte då stor frustrasjon om at ingenting kjem til å skje med ferjesambandet.

- Annonse -