- Annonse -

Ordføraren og rådmannen i Kvinnherad kjem med skarp kritikk mot Samarbeidsrådet for å ha avvist forslaget om å samlokalisere Sunnhordland tingrett og Hardangar tingrett til Husnes.

Fredag hadde Samarbeidsrådet for Sunnhordland saka om den framtidige domstolsstrukturen oppe til handsaming.

Som venta gjorde rådet vedtak om å jobbe for ei samlokalisering av Sunnhordland tingrett og Haugaland og Sunnhordland jordskifterett, med lokal leiing av tingretten på Stord.

Dette vedtaket sette fyr og flamme i rådet sine to representantar frå Kvinnherad, ordførar Peder Sjo Slettebø og konstituert rådmann Torstein Aartun.

– Svært uheldig

– Etter Kvinnherad sitt syn er det ikkje føremålstenleg å utelukka anna lokalisering enn Stord for Sunnhordland tingrett, og det er svært uheldig at rådet ikkje vil vurdera samanslåing med t.d. Hardanger tingrett for å på denne måten sikra regionen ein tingrett med tilstrekkeleg kompetansemiljø for framtida.

Kvinnheringane meiner Samarbeidsrådet ikkje har gjort jobben sin som regionråd.

- Annonse -
- Annonse -

– Etter Kvinnherad sitt syn har Samarbeidsrådet i denne saka ikkje gjort oppgåva si
som eit regionråd som skal arbeida strategisk og langsiktig til beste for regionen.  Kvinnherad beklagar at Samarbeidsrådet for Sunnhordland ikkje gjer naudsynte vurderingar av kva som strategisk og langsiktig er best for ein samla region i lys av endringar som vil komma.

- Annonse -

Trugar med flytting til Hardanger tingrett

Samtidig opplyser representantane frå Kvinnherad at dei trass i vedtaket frå Samarbeidsrådet, likevel kjem til å halde fram med å kjempe for samlokalisering av tingrettane til Husnes.

– Kvinnherad kommune vil framleis arbeide for ei framtidig samanslåing av tingrettane i
Hardanger og Sunnhordland med ny lokalisering på Husnes.

Vidare melder Slettebø og Aartun at dei vil vurdere å søkje overgang til Hardanger tingrett dersom Samarbeidsrådet sitt vedtak blir ståande.

– Kvinnherad ser ikkje at ei framtidig tilknyting til Sunnhordland tingrett er føremålstenleg for Kvinnherad dersom ein ikkje får på plass ei samanslåing med Hardanger tingrett, og vil sjå på eit alternativ med overflytting til Hardanger tingrett dersom Samarbeidsrådet sitt
vedtak vert utfallet av domstolskommisjonen sitt arbeid.

- Annonse -