Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ei kvinne i 30-åra blei frakta til arresten i Haugesund etter trugande oppførsel.

Det var grytidleg søndag morgon kl. 04.53 at politiet fekk melding om husbråk i ein bustad på Stord-øya.

– Det var ei hending der ei kvinne har truga ein annan person med kniv. Det medførte at politiet væpna seg og køyrde til adressa og tok kontroll på kvinna, fortel vaktsjef André Skram Hansen i Haugesund politistasjon.

Politiet arresterte kvinna utan dramatikk. Ho blei så framstilt for varetektsfengsling i Haugesund.

– Ho er blitt avhøyrt, og ho blei dimmitert litt utpå føremiddagen. Saka er politimeldt, og det vil bli opp til politijuristen å vurdere utfallet av saka.

Vaktsjefen er varsam med opplysningar om kva som var bakgrunnen for hendinga.

- Annonse -

– Hendinga skjedde i ein privat heim, og det er gjort fleire avhøyr i saka.

- Annonse -