Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ei kvinne i 40-åra er frakta til Stord sjukehus etter påkøyrsel av ein varebil på Heiane. Sjåføren har fått førarkortet inndrege.

– Det var ei kvinne i slutten av 40-åra som var førar av varebilen. Ho har fått førarkortet beslaglagt. Dette er grunna mistanke om brot på vegtrafikklovas paragraf tre som omhandlar aktsomheit, fortel Victor Fenne-Jensen frå operasjonssentralen til Sør-Vest politidistrikt.

Tysdag morgon meldte Politiet i Sør-Vest på Twitter at ei kvinne vart påkøyrt av ein personbil i eit gangfelt. Ulukka skjedde i Ringvegen på Heiane og politiet fekk melding klokka 07:50. Naudetatane var på staden kort tid etter.

– Ulukka har skjedd i eit fotgjengarfelt på Heiane, bak Clas Ohlson, seies det. Det er ingen spesielle trafikale utfordringar, og det er omkøyringsmoglegheit på staden. Kvinna er ved medvit og vert frakta til sjukehus, medan sjåføren av personbilen framleis er på staden og vert avhøyrt. Om det vert gjort førarkortbeslag må vi kome tilbake til seinare, opplyste operasjonsleiaren.

Uavklart skadeomfang

Klokka 08:17 meldte politiet at kvinna er frakta til Stord sjukehus og at skadeomfanget framleis er uavklart.

– Saka vil gå til Stord lensmannskontor som skal etterforske vidare. Politiet er ferdig på staden, fortel Fenne-Jensen i ti-tida.

- Annonse -

Lensmann ved Stord lensmannskontor, Odd Harald Hovland, seier at patruljen som er ute tar dei avhøyra som det er mogleg å ta no. Om tilstanden til den påkøyrte kvinna, kan han informere om at skadane truleg ikkje er livstrugande.

– Det einaste vi kan sei så langt, er at det ikkje er noko som tydar på livstrugande skadar, men alvorsgrada utover det kan vi ikkje uttale oss om.

Saka vert oppdatert