Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Frakta til Haukeland sjukehus med hovudskader etter å ha blitt påkøyrd på ein parkeringsplass.

Klokka 14.05 fekk politiet melding om ei kvinne som vart påkøyrd av ein bil på Vabakkjen ved Leirvik.

– Ulukka skal ha skjedd inne på ein parkeringsplass, opplyser Sørvest politidistrikt.

Kvinna blei først frakta til legevakta på Stord med ambulanse. Ein dryg time seinare melder politiet at ho er frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Ho skal ha pådratt seg hovudskader.

Politiet gjennomfører naudsynte undersøkingar og føretek avhøyr av både bilførar og vitne på staden.

- Annonse -

Saka vil bli oppdatert.