Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ei gruppe med barnehagebarn hadde nettopp gått forbi der kvinna køyrde av vegen. – Svært trafikkfarleg, konkluderer retten.

På føremiddagen 8. februar i år køyrde ei kvinne ut av vegen ved Årskog industriområde i Fitjar.

Ei kvinne i 60-åra kom uskadd frå uhellet, men det blei raskt avdekka at ho var sterkt alkoholpåverka. Ei analyse 1,5 time etter køyringa viste at ho hadde ei promille på heile 2,8.

Då saka gjekk for Sunnhordland tingrett i april sa kvinna seg skuldig i fyllekøyringa. Saka blei difor avgjort ved tilståingsdom.

I straffutmålinga legg retten vekt på at kvinna var sterkt påverka av alkohol, og at køyrnga førte til eit trafikkuhell.

Eit vitne hadde forklart for politiet at han såg ei gruppe av barnehagebarn like ved der utforkøyringa skjedde, kort tid for kvinna køyrde utfor vegen.

- Annonse -

– Køyringa var såleis svært trafikkfarleg, konkluderer retten.

Retten kom fram til at straffa skal setjast til fengsl i 30 dagar. Vidare må kvinna betale ei bot på 35.000 kroner til statskassa, eller ho kan sleppe å betale dersom ho sonar 15 dagar ekstra.

Kvinna mister også førarretten i to år.

- Annonse -