Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Ei kvinne i 20-åra køyrde ruspåverka over Stord i nesten ein halvtime før politiet til slutt fekk stansa ho.

Like etter midnatt fekk politiet melding om ein bil som vingla i køyrebanen på E39. Ved fleire høve var bilen over i motgåande køyrefelt.

Ein patrulje frå Stord-politiet la så ut på ein biljakt. Det enda med ein situasjon at bilføraren køyrde inn i ein politibil i låg hastigheit på E39 nord på Stord-øya.

Køyrde ein halv time

Det vart ingen personskadar i samanstøyten, og begge bilane fekk mindre materielle skader.

– Meldinga kom inn rett over midnatt. Det var ved Bømlafjordtunnelen i retning Stord. Så blir ho stansa ca. fem på halv ett. Då har ho køyrt i ein halvtime etter meldinga kom, seier operasjonsleiar Irene Raghildstveit i Sørvest politidistrikt.

Føraren av bilen var ei kvinne i 20-åra. Ho hadde ikkje gyldig førarkort, og framsto som ruspåverka, opplyser politiet.

- Annonse -

I tillegg hadde ho stole bilen som ho køyrde.

– Den som eig bilen har adresse i Haugesund, men eg har ikkje opplysningar om kvar bilen vart stelt, seier operasjonsleiaren.

Haugesund Avis skriv måndag at det er teatersjef Morten Joachim ved Haugesund Teater som er eigar av bilen.

Dramatisk

Kvinna blei framstilt på legevakten for blodprøve av politiet, og blei deretter frakta i arresten.

– Ho skal avhøyrast i løpet av førmiddagen, seier jourhavande jurist Åshild Ravndal i Sørvest politidistirikt.

Politiet skildrar aksjonen som dramatisk, og indikerer at kollisjonen var eit ledd i å få stansa bilen.

– Dei har nok tenkt at det var dramatisk i natt då dei tok beslutningane som dei tok. Dei har nok vurdert det slik at dei bør få stansa denne bilen, og har brukt verkemidlar for å få stansa bilen.

- Annonse -