Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord-politiet har brukt store ressursar på etterforsking dei siste dagane etter at dei tysdag fekk melding om mogleg valdtekt på Stord.

Etterforskingleiar Kim Nedrehegg ved Stord lensmannskontor stadfestar at dei tysdag kveld fekk inn ei melding frå ei kvinne som har politimeldt ein mann for valdtekt.

– Det er ei kvinne som har politimeldt ein mann for valdtekt. Eg kan ikkje gå inn på fleire detaljar fordi saka er i ein ganske tidleg etterforsking, seier Nedrehegg.

Det var Sunnhordland som først melde om saka.

Nedrehegg stadfestar overfor Stord24 at den moglege valdtekten skal ha skjedd på Stord, men er ellers sparsom med opplysningar om saka.

– Er dette snakk om ei overfallsvaldtekt?

- Annonse -

– Det kan eg ikkje seie noko om.

Nedrehegg seier politiet har brukt store ressursar på saka dei siste dagane.

– Me har brukt mykje ressursar på å iverksetje etterforsking og gjere dei nødvendige tiltaka. No har me oppretta ei sak, og det er gjort ei umiddelbar sporsikring som bør gjerast tidleg.

– Korleis jobbar de vidare med saka no?

– Me vil gjere avhøyr, og gjere ytterlegare undersøkingar for å prøve å finne ut kva som har skjedd.

– Er det aktuelt å avhøyre vitne i saka?

– Det kan det fort bli, me må berre sjå korleis saka utviklar seg.

Nedrehegg seier vidare at det truleg ikkje vil bli gitt fleire opplysningar i saka frå politiet si side før ei eventuell tiltale føreligg. Dette av omsyn til fornærma i saka.

- Annonse -