Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Kvinna i 20-åra som vart funnen medvitslaus i eit bustadområde i Kvinnherad laurdag formiddag, er død, opplyser politiet.

Kort tid etter at kvinna var funnen, vart ho flogen til Haukeland sjukehus.

Torsdag opplyser politiet til Bergens Tidende at kvinna er død.

– Vi held fram med å undersøkje saka, men det er ingen grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt, seier lensmann Sigurd Børve i Kvinnherad til avisa.

Kvinna i slutten av 20-åra vart laurdag morgon meld sakna av familien sin i Herøysund.