- Annonse -

Stord-kvinna i 60-åra var i gledesjokk då Norsk Tipping i går ringte for å informere ho om storvinsten.

– Er det sant? No er eg heilt i sjokk, sa kvinna til Norsk Tipping.

Det var i går at kvinna frå Stord i 60-åra vann den nasjonale premien i Eurojackpot. Premien var på heile éin million kroner, i tillegg til eit reisegåvekort på 100.000 kroner.

Sistnemnde passa ekstra bra for Stord-kvinna.

– Eg er veldig glad i å reise. Spesielt storbyferiar er jeg utruleg glad i, sa kvinna lattermildt.

Når det gjeld millionen hadde ho førebels ikkje noko plan for kva den kunne brukast til.

- Annonse -

– Det einaste som er sikkert er at det vil dryppe litt på barna, fortalde kvinna.