Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Kvinna hamna under sin eigen bil og døydde av skadane ho pådrog seg.

Ei kvinne i starten av 50-åra frå Stord har mista livet i ei ulukke med hennar eigen bil, stadefestar Sørvest politidistrikt.

– Det ser ut til at bilen byrja å trille og at kvinna hamna under, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.

Meldinga kom til politiet klokka 11.28 fredag føremiddag.

Ulukka skjedde i Søredalen, som er eit landleg område i Sandnes, der kvinna var i eit privat ærend.

Døydde på sjukehuset

Politiet meldte først at kvinna var alvorleg skada, og ho blei frakta til Stavanger universitetssjukehus for behandling. Fredag ettermiddag i 15-tida fekk politiet melding frå sjukehuset om at kvinna hadde mista livet.

- Annonse -

Pårørande er varsla, opplyser politiet.

– Det me veit så langt er at dette framstår som ei tragisk ulukke. Men kvifor bilen byrja å trille er noko me må undersøkja. Resultata frå dei tekniske underøskingane er ikkje klare, opplyser operasjonsleiaren til Stord24.

Blir følgt opp av kriseteam

Det var fleire vitne til sjølve ulukka, då kvinna reiste i eit følgje.

– Det var vitne til stades og det var vitne til sjølve hendinga. Difor er kriseteamet i Sandnes kommune blitt mobilisert. Dei har ivareteke dei pårørande og dei berørte.

Politiet etterforskar saka vidare. Ulukkesgruppa til Statens Vegvesen har også gjort undersøkingar på staden.