Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Utøva vald mot sine to soner i mange år.

Den omfattande barnemishandlingssaka gjekk for Sunnhordland tingrett i fem dagar i slutten av november. Heile 19 vitne vart kalla inn for å kaste lys over saka.

Kvinna i starten av 40-åra, som i dag har bustadsadresse i eit afrikansk land, kom til Norge som asylsøkjar i 2008. Dei budde då på eit asylmottak i Sunnhordland. Familien fekk etter kvart opphaldsløyve, og flytta til ein privat bustad i Sunnhordland.

Fortalte det på skulen

I 2016 fortalde ein av sonene på skulen at han og veslebroren blei slått av kvinna. Barnevernstenesta blei varsla, og tiltalte blei politimeld. Gutane blei seinare plassert i ein beredskapsheim.

Gutane var fire og seks år gamle då dei forklarte at valden skal ha starta. Dei forklarte at mora jamnleg slo dei med belte mot baken, medan dei sto på kne med ansiktet mot veggen.

Den eldste guten har forklart at han ved fleire høve blei slått i ansiktet og kroppen, blei kasta/dratt i bakken og blittt slått og sparka i ryggen og magen medan han låg nede.

- Annonse -
- Annonse -

Gutane forklarte at det var bagatellar som utløyste slik valdsbruk, til dømes krangel om ein lader, og at dette skjedde mange gonger.

Ho skal også ha kalt gutane for stygge ting sitt afrikanske språk, som ‘dust, idiot, din djevel’.

Erkjente trugslar, nekta for valden

I retten erkjente kvinna deler av kva gutane forklarte. Ho forklarte at ho hadde store problem med oppdraginga av sonene. Ho var aleine med dei, det var høgt konfliktnivå mellom brørne og livet var vanskeleg.

Ho forklarte at ho har latt gutane stå på kne på govlet som ein form for straff når dei ikke har oppført seg, som ein slags «skammekrok». Ho erkjente at ho truga dei med å slåd ei med belte, men nekta for valdsbruken.

Etter at borna vart plassert i beredskapsheim har kvinna flytta heim til det afrikanske landet ho kjem frå, der ho bur saman med faren til barna.

Ingen av dei fire lærarane som vitna i retten forklarte at dei hadde noko mistanke om valden, og at dei hadde alle eit godt inntrykk av den tiltalte kvinna.

Dommarane blei ikkje samde

Dei tre dommarane klarte ikkje å bli samde i skuldspørsmålet. Mindretalet hefta tvil ved om forklaringane frå gutane var riktige, og viste til vitneforklaringa frå vener, naboar og lærarar. Fleire av desse vitnene sa at skuldingane om vald kan ha samanheng med frykt for å flytte tilbake til det afrikanske landet. Dommaren peiker også på at valden ikkje har etterlete noko sår/arr hos gutane.

- Annonse -

Men fleirtalet festar lit til forklaringa til gutane, og legg vekt på at dei har avgitt forklaringar som i stor grad er samanfallande og som har vore oppretthaldt over tid.

– Desse dommarane ser det som heilt usannsynleg at dei fornærma sine forklaringar skal vere resultat av eit «avtalt spel» mellom brørne eller at det føreligg falske minner, skriv retten.

Dommarane meiner valden skapte ein situasjon der dei fornærma var utrygge og redde for når neste episode skulle skje.

– Ut over den konkrete valden skapte tiltalte sin handlemåte ein situasjon der dei fornærma måtte leve i konstant usikkerheit og frykt for nye handlingar.

– Har hatt psykiske etterverknadar

Retten meiner den langvarige mishandlinga kan ha medført psykiske skader hos barna.

– Vald i heimen berer med seg stor risiko for psykiske seinskadar hos barn. Retten ser også hen til at det er tale om ein periode på 5,5 år, kor dei fornærma var relativt unge. Retten legg vekt på at det utfrå bevisa i saka må leggast til grunn at begge fornærma har hatt psykiske etterverknadar.

Når det gjeld straffutmålinga er ikkje retten i tvil om at kvinna skal dømmast til fengselsstraff. Retten legg vekt på at kvinna er gutane sin einaste familie i Norge, og at dei måtte flyttast i fosterheim som eit resultat av ugjerningane.

Sunnhordland tingrett slår likevel fast at «valden som er blitt utøvd har ikkje vore av den mest alvorlege i det den har hatt avgrensa fysisk skadepotensiale, men at at den ha vore til dels smertefull (slag med belte).

Samtidig er det formildande for kvinna at det er gått heile tre år sidan forholdet blei avdekka til saka kom opp.

Retten kom dermed fram til at kvinna skal dømmast til eitt års fengsel. Ho må også betale 100.000 kroner i oppreising til begge barna.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -