Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ei kvinne frå Stord i 30-åra må sone fengselsstraff etter ei rekkje trugslar mot både politi og tilsette i barnevernet på Stord.

Nokre av forholda kvinna er dømt for skjedde heilt tilbake i 2016.

Natt til 16. desember vart ho frakta heim av politiet etter ein fuktig bytur på Leirvik. Då ropte ho til politiet at dei «ikkje ville eksistere i morgon, fordi ho kjente mange», og at dersom ho hadde hatt kniv, ville ho ikkje hatt problem med å stikke den ned i halsen på dei.

Det neste forholdet skjedde i fjor sommar, då ho klorte to polititenestemenn under ei pågriping.

Vald mot tilsett i barnevernet

Kvinna utførte liknande valdshandlingar mot tilsette i barnevernet på Stord. I fjor haust, under gjennomføring av samvær med barnet sitt, slo ho ein tilsett i barnevernet i ansiktet, klorte og reiv ho i håret og dytta ho i ein vegg.

Ein liknande episode skjedde nokre veker seinare. Under samtale med ei anna tilsett i barnevernet på Stord, kløyp og klorte kvinnna den tilsette.

- Annonse -
- Annonse -

I desember i fjor fatta barnevernet eit akuttvedtak. Kort tid etter sendte Stord-kvinna ei rekkje trugande tekstmeldingar til ein tilsett i barnevernet, blant anna: «Bare vent (…) H.A (…) Vett om dåke (…) Vett om andre dåke har skada» og «Derfor hells angels e te (…) hehehe».

Sunnhordland tingrett er ikkje i tvil om at meldingane er meint som trugslar, og er meint å påverke barnevernet sine tenestepersonar å unnlete å føreta handlingar knytt til sonen, som er under barnevernet si omsorg.

Allmennpreventive omsyn viktige

Retten meiner fengselsstraff ein naudsynt reaksjon for trugslane kvinna har framsett.

- Annonse -

– Allmennpreventive omsyn gjer seg sterkt gjeldande, og offentlege tenestepersonar som er sett til å utøve mynde i utsette situasjonar skal ha eit sterkare vern mot å bli utsett for trugslar og vald, skriv retten.

Vurderinga til tingretten er at straffa samla sett ligg på fengsel i 90 dagar utan vilkår. Men retten har avgjort at halvparten av straffa skal bli sett på på vilkår, med ei prøvetid på to år.

Det betyr at ho berre treng å sone 45 dagar i fengsel dersom ho ikkje gjer nye straffbare handlingar.

– Retten legg i formildande retning vekt på tiltalte sin vanskelege livssituasjon, og at handlingane er gjort i fortviling og frustrasjon. For det andre er nokre av forholda i tiltalen blitt unaudsynt gamle, og kunne vore iretteført på eit lang tidlegare tidspunkt, heiter det i dommen.

Det har også kome tiltalte til gode at ho ikkje er tidlegare straffdømt.

Retten fekk forklaring frå seks vitne under rettssaka. Kvinna sjølv møtte ikkje.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -