Foto: Statsbygg
- Annonse -

Ei småbarnsmor frå Kvinnherad er dømt til fengsel i fem månadar for å ha svindla til seg 450.000 kroner som ho ikkje hadde krav på.

Kvinna, som då var i tenårene, fortalde ikkje NAV at ho budde saman med barnefaren då ho søkte om overgangsstønad, utvida barnetrygd og ekstra småbarnstillegg som einsleg forsørgjar.

Dèt viste seg å vere ein dårleg idé. NAV oppdaga trygdebredrageriet og anmelde forholdet.

Sunnhordland tingrett ser alvorleg på forholdet, men grunna kvinna si låge alder kom retten fram til ei straff på fem månaders fengsel, som også var forslaget frå påtalemakta.

- Annonse -

Kvinna har også fått fråtrekk frå straffa grunna tidleg tilståing. Retten skriv at normal straffereaksjon for svindling av beløp rundt 450.000 er fengsel mellom 6 og 7 månader.

- Annonse -