Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Den tiltalte sunnhordlendingen respekterte heller ikkje besøksforbodet mot kvinnna.

Den 55 år gamle mannen frå ein kommune i Sunnhordland er tiltalt for å ha slått ei kvinne med knytt hand og ein servietthaldar fleire gonger.

Slaga førte til at ho fekk brot i det såkalla augegolvet. Ho måtte bli operert for skadane ho fekk.

Denne episoden skjedde heilt tilbake i november 2015.

To år vart det avgjort at mannen fekk besøks- og kontaktforbod mot kvinna. Dette har han ikkje respektert. Ved tre høve har han i følgje tiltalen kontakta kvinna.

Ved eitt høve oppsøkte han ho fysisk, og ved to høve sendte han fleire epostar til ho.

- Annonse -

Rettssaka skal gå for sunnhordland tingrett i januar 2020.

- Annonse -