Det var her langs Frugardselva at kvinna vart biten. Illustrasjonsfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Søndag føremiddag blei ei Stord-kvinne biten av ein hund medan ho var på løpetur rundt Ådlandsvatnet. No åtvarar ho andre turgåarar.

Like før klokka 12 fekk politiet melding om ei kvinne som blei biten av ein hund då ho var på løpetur ved Ådlandsvatnet.

– Me har ikkje gjort noko meir politioperativt i saka enn at me registrerer at vedkomande vil politimelde forholdet sjølv. Ho har sjølv oppsøkt legevakta på eige initiativ, fortel operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt.

Fleire deler eit innlegg på sosiale media søndag der det står at hundeeigaren nekta å seie kven han var overfor kvinna, og at folk blir oppmoda til å finne ut kven dette var. Men i følgje politiet er ikkje dette tilfellet.

– Slik eg les det er det utveksla telefonnummer, og dei har kvarandre sin identitet.

Ordnar opp med eigaren

Kvinna som blei utsett for hundebittet seier til Stord24 at ho kom i kontakt med hundeeigaren i ettertid.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg har vore oppe på legevakta, men det går bra med meg. No har eg fått kontakt med hundeeigaren, og no veit eg at hundeeigaren er ein ordentleg mann det går an å prate med. Så eigentleg er me i gang med å ordne opp i dette.

Kvinna gjekk ut med saka i eit innlegg på Facebook etter hendinga for å åtvare andre.

- Annonse -

– Eg delte denne episoden på Facebook, for eg tenkte at det kanskje var andre som burde bli merksam på at du kanskje ikkje kan gå trygt når du går på kommunal tursti. Eg er jo godt vaksen og med meg har det gått bra, men det er ikkje alle det kunne gått like bra med, til dømes dersom det var snakk om små barn.

– Ikkje greitt å gå med lange band

Ho oppmodar no alle hundeeigarar til å vise større aktsemd når dei er ute på tur.

– Dei eig ikkje desse stiane. Det er viktig å seie til alle hundeeigarar, at det å gå med lange band er ikkje greitt. Dei må la andre passere på den andre halvdelen av vegen. Eg var jo nesten nede i Frugårdselva for å halde meg langt unna desse hundane, men den hoppa likevel mot meg.

– Dei eig ikkje vegen fordi om hunden har lyst å løpe rundt. Det er mange som er redde og svake som går på tur.

Fleire hundekonfliktar

Det er ikkje første gong det har vore konflikt mellom hundeeigar og turgåarar rundt Ådlandsvatnet.

Tidlegare i haust hamna ei sak i Sunnhordland tingrett, etter at ein 70 år gammal mann på løpetur sparka til ein hund som han oppfatta gjekk til angrep. Mannen blei frifunnen av tingretten.

- Annonse -