Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Like før klokka 23 fredag kveld blei poltitiet kontakta av ein mann i 40-åra som fortalte at han hadde knivstukke ei kvinne. 

Kvinna, som også er i 40-åra, vart sendt til Stord sjukehus der ho umiddelbart vart operert for livstrugande skader.

– Kvinna er no stabil og ho ligg til observasjon på sjukehuset. Kvinna vil bli forsøkt avhøyrt når tilstanden hennar tilseier det, opplyser jourhavande jurist i Sør-Vest politidistrikt, Per Terje Brundtland.

Kvinstikkinga skjedde i ein privatbustad i Valevåg i Sveio.

Har ein relasjon

Mannen i 40-åra vart arrestert av politiet, og er sikta for grov kropssskade.

Politiet opplyser vidare at dei har opplysningar som tilseier at det skal vere ein relasjon mellom sikta og kvinna.

- Annonse -
- Annonse -

– Den vidare etterforskinga vil søke å avklare relasjonen mellom dei, seier Bruntland.

- Annonse -

Veit ikkje årsaka

Politiet veit så langt ikke om kva som er bakgrunnen for knivstikkinga.

– Me veit ikkje kva som var var årsaka til knivstikkinga, seier vaktsjef Kari Rørtveit ved Haugesund politistasjon til NTB.

Mannen blei arrestert utan dramatikk.

– Arrestasjonen av mannen gjekk stille og roleg for seg, utan noko dramatikk, seier Rørtveit.

- Annonse -