Liv Kari Eskeland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Det vi minst av alt treng, er politikarar som stiller spørsmål med føresetnader for vår petroleumsdrift, eller som indikerer dato for når vi skal slutte med vår petroleumsproduksjon.

Av: Liv Kari Eskeland,
Stortingsrepresentant (H)

15. mars 2019 vart ein ny merkedag i norsk offshore historie skrive.

Då forlèt verdas største bustad-og utstyremodul Kværner Stord for å bli ein del av Johan Sverdrup-feltet

900 milliardar vil feltet bidra med i inntekter som vil vera eit viktig bidrag til vår velferd, for sysselsetting og verdiskaping.

Som ein direkte følje av norsk teknologiutvikling og elektrifisering av feltet, vil produksjonen på Johan Sverdrup gi eit Co2 utslepp som utgjer kun 3,5% av gjennomsnittet for petroleumsproduksjon på verdsbasis. Dette er ei følje av dei investeringane vi har gjort mellom anna ved å elektrifisere feltet.

- Annonse -
- Annonse -

Dei fleste vil vel hevde at det ikkje er oljeproduksjonen men forbruket av petroleum som er problemet. Det er rett. Difor har Noreg teke mål av seg til å vera leiande også i det grøne skiftet.

- Annonse -

For det er faktisk mogleg å ha to tankar i hovudet samstundes.

Tyskland set seg mål om å fase ut kol innan 2032. Sjølv om fornybarandelen på sikt for sol og vind vil overstig 100%, vil det vera dagar der sola ikkje skin, og vinden ikkje bles. Difor vil Tyskland vere avhengig av norsk gass – også i framtida.

Dette fortel med all tydelegheit at Noreg må halde fram med å produsere petroleum med lågt karbonavtrykk for å bidra til å få ned vårt globale CO2 fotavtrykk, samstundes som vi må nytte alle tilgjengelege ressursar på å stimulere til, forske på, og sette krav til reduksjon i CO2 utsleppa. Då treng vi langsiktigheit og djerve politikarar som ser at stabile rammebetingelsar er ein føresetnad for dei investeringar som vert gjort.

Det vi minst av alt treng, er politikarar som stiller spørsmål med viktige føresetnader for vår petroleumsdrift, som det leiterefusjonsordinga er eit godt døme på. Eller politikarar som indikerer dato for når vi skal slutte med vår petroleumsproduksjon. Noreg er eit lite, men viktig land i verda. Det kan vi framleis vera om vi forvalte våre ressursar, vår kompetanse og vår politikk på ein klok og strategisk god måte.

Denne teksten var Eskeland sitt innlegg på Høgre sitt landsmøte fredag.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -