Manjit Singh er dagleg leiar ved India Gate, som skal opne restaurant på Stord snart. Han står for eit av dei nyaste selskapa registrert på Stord. Foto: Malin Langøy Aarbø/Stord24
- Annonse -

– Den kjem, men me er blitt litt forsinka. Me reknar med å opne i august, seier Manjit Singh.

Då Stord24 skreiv om at India Gate i Haugesund skal opne restaurant i Leirvik sentrum, var responsen heilt overveldande.

Saka fekk 458 «likes» på Facebook, og 169 personar kommenterte på innlegget.

Etter reaksjonane å dømme kjem det ikkje til å bli mangel på restaurantgjester i retauranten:

«Visst da blir lika bra så i Haugesund , så e da heilt fantastisk!!😄👏🏻👏🏻😄» – «Grein en liten skvett eg😄🥰🥰» – «Indisk mat er fantastisk godt. Dette blir bra. 👍😊» – «YES! Ete der når eg er i Haugesund 👍🙌. Håpar det blir like bra her😅»

Dagleg leiar i India Gate i Haugesund, Manjit Singh, er svært glad for den positive responsen.

- Annonse -

– Det er veldig hyggeleg og godt å vite at folk blir så glade for at me skal opne. Me har ein god magekjensle for at denne restauranten skal gå veldig bra.

Først var planen at restauranten skulle opnast i juli. Men dei som har gått forbi resturantlokala i Borggata vil sjå at det er heilt tomt og forlatt der.

– Me er nok litt forsinka grunna ferie. Det har vore veldig vanskeleg å finne folk som kunne jobbe, og samtidig held me på å pusse opp restauranten i Haugesund. Så me har ganske mykje å gjere akkurat no.

Men restaurantsjefen stadfestar at restauranten kjem.

– Me reknar me at me vil opne restauranten innan august. Me skal prøve å annonsere ein dato ganske kjapt.

- Annonse -