Valhall-feltet. Foto: Aker BP
- Annonse -

Kontrakten vil gi arbeid for opp mot 650 tilsette ved Kværner i Verdal.

Aker BP har tildelt Kværner kontrakten for leverering av plattformdekket og stålunderstellet til Valhall Flanke Vest. Kontrakten har eine verdi på i underkant av 1 milliard kroner for Kværner.

Valhall Flanke Vest-plattforma vil vere normalt ubemanna, og kontrakten vert omtala som eit gjennombrot for Kværner si satsing på slike installasjonar.

– Milestein

– Dette er ein viktig milestein for alliansen og for utbygginga av Valhall Flanke Vest. Samtidig er denne kontrakten eit viktig gjennombrot i Kværner sin strategi i å bli leiande på leveranse av mindre, kostnadseffektive plattformar, seier Sturla Magnus, konserndirektør i Kværner.

Konserndirektøren har tru på fleire liknande kontraktar dei næraste åra.

– Me har dei siste åra investert i å utvikle eigne produkt og ekspertise for slike mindre prosjekt. Fleire oljeselskap vurderar slike utbyggingar dei komande åra, og interessa for dei løysingane me har utvikla er positiv.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tidlegare i år signerte Kværner ein rammeavtale og allianseavtale med Aker BP for konstruksjon og oppkopling av faste installasjonar, inkludert plattformdekk og stålunderstell. Kværner skriv i ei pressemelding at partane har jobba vidare sidan dette, og utarbeida ei rekkje forbetringar for redusert kostnadsnivå og auka produktivitet som vil bli implementert i gjennomføring av dette prosjektet.

Opp mot 650 i arbeid

Arbeidet med den nye plattformen til Valhall Flanke Vest vil bli gjennomført av denne alliansen. Kværner vil stå for innkjøp, fabrikasjon, sjøfesting og utlasting, samt samankopling og assistanse ved ferdigstilling offshore.

Prefabrikasjon og samanstillinga vil starte i mai 2018 ved Kværner sitt verft i Verdal.

Understelllet og plattformdekket skal vere klart for levering i mai 2019, og samankopling på feltet er planlagt å skje i august same år. I snitt vil 450 personar arbeide på prosjektet ved Kværner sitt verft i Verdal, og på det meste 650 tilsette.

- Annonse -