Overordna miljøansvarleg i Kværner, Vidar Høyvangli er positiv til strengare regulering. Foto: Jonas Sætre/Stord24/Kværner
- Annonse -

Kværner understreker dei PFAS-utsleppa har gått betydeleg ned den siste tida.

Miljødirektoratet har vurdert utsleppa av PFAS-stoff ved Kværner sitt demoleringsanlegg, og skriv i eit brev til verksemda at dei ser på utsleppa som «betydelege» og «svært alvorlege». 

Kort tid etter svarte Kværner på brevet frå Miljødirektoratet, der dei påpeikar at det har vore betydeleg lågare utslepp frå anlegget dei siste månadane.

– Me er glade for å peike på at det er betydeleg reduserte konsentrasjonar ved seinare målingar ved anlegget på Stord, skriv overordna miljøansvarleg Vidar Høivangli i Kværner.

– Ingen kjende kjelder

Kværner har framleis ikkje noko teori om kvar utsleppa kjem frå.

- Annonse -

– Når det gjeld funn som tidlegare er identifisert vil me halde fram med arbeidet med å kartlegge kvar stoffa kan kome frå. Det har vore svært liten demoleringsverksemd i denne perioden tidleg på året, og det er ingen kjende kjelder til PFAS i strukturar som var på området. Me vurderer kva kjelder dette kan stamme frå, om det er demolering av strukturar eller avrenning frå anna aktivitet.

Miljødirektoratet varslar at dei vil setje inn strengare tiltak for utslepp for Kværner. Det er verksemda positiv til.

– Kværner vil gjere dei tiltak som er naudsynte i dialog med Miljødirektoratet.

– Ønskjer absolutt ikkje å forureine

Høivangli understreker at utsleppa er vanskeleg å vurdere for Kværner, då finst lite tilgjengeleg informasjon om fareverdiar for stoffa. Dei er difor positive til nye reguleringar.

– Kværner ønskjer absolutt ikkje å forureine, men ser at det er lite tilgjengeleg data me kan basere kartleggingane våre på, så informasjonsutveksling på tvers av bransjar og bedrifter hadde vore til stor hjelp. Me imøteser nye reguleringar på området, men vil påpeike at me ikkje har noko brot på dagens aktivitetsløyve slik den føreligg.

- Annonse -