Konsernsjef i Kværner, Karl-Petter Løken. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Me forventer at inntekter og marginar vil bli noko lågare for året 2020 samanlikna med 2019, før me ser starten på den planlagde veksten frå 2021, seier konsernsjefen.

Omsetnaden til Kværner i årets tredjekvartal auka til 2,57 milliardar kroner, samanlikna med 1,7 milliardar i same periode i fjor. Men likevel tente selskapet meir pengar i tredje kvartal i fjor.

Dei ferske resultatstala viser at Kværner, til trass for sterk vekst i omsetnaden, enda opp med eit resultat på 90 millionar kroner. Det er ned frå 138 millionar kroner i same periode i fjor.

– Omsetnaden i tredje kvartal speiler att at fleire prosjekt er i ein perode med høgt aktivitetsnivå. Ved evalueringa av Kværner er det relevant å ikkje berre vurdere individuelle kvartalsresultat, men først og framst sjå på dei lengre linene i resultata til selskapet, skriv konsernsjef Karl-Petter Løken i Kværner.

Løken fortel at selskapet er i rute til å nå det hårete målet med årlege inntekter på over 10 milliardar kroner. Men først må konsernet gjennom 2020, som truleg ikkje blir like bra som i år.

– Eg er glad for å seie at me er på plan når det gjeld målet vårt om å auke Kværner sin verksemd til årlege inntekter på over 10 milliardar kroner. Me forventer likevel at inntekter og marginar vil bli noko lågare for året 2020 samanlikna med 2019, før me ser starten på den planlagde veksten frå 2021 og framover.

- Annonse -

Løken skriv at Kværner no ventar på mange avklaringar. Allereie i haust kan det tikke inn nye kontraktar.

– Strategien vår er å vinne prosjekt i tre klart definerte marknadssegment, der det er høve for oppdrag som styrkjer vekstambisjonane våre. Innanfor alle desse tre segmenta byr me for tida på nye kontraktar, og me er i dialog med kundar for komande prosjekt. Me forventar at nokre prosjekt vert avgjort i løpet av hausten, i tillegg til at fleire viktige prosjekt vil bli avgjort i 2020 og 2021.

- Annonse -