Prosessplattforma til Johan Sverdrup kom til Kværner Stord 21. februar. Foto: Equinor
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Selskapet reknar no med inntekter på «over åtte milliardar kroner», som er minst éin milliard meir enn tidlegare prognosar.

Kværner lanserte i dag resultata frå årets første kvartal. Her kjem det fram at sleskpet omsette for 2,16 milliardar kroner i denne perioden.

– I løpet av første kvartal har selskapet sikra ein kontrakt for oppgradering av Hydro sin aluminiumfabrikk på Husnes, og ein ny kontrakt for marine operasjonar som omhandlar fjerning av ein plattform utanfor Canada-kysten, seier konsernsjef Karl-Petter Løken.

Omsetnaden i årets første kvartal auka dermed frå 1,94 milliardar kroner i same periode i 2018.

Driftsresultatet fall derimot frå 205 til 137 millionar kroner, noko som medfører ein reduksjon på brutto driftsmargin frå 10,6 til 6,3 prosent.

- Annonse -

I same periode hadde Kværner ein ordreinngang på 1,69 milliardar kroner, noko som gjer at ordreboka i dag er omtrent like tjukk som for eitt år sidan. Halvparten av ordreboka skal gjennomførast i år, opplyser selskapet.

- Annonse -
- Annonse -

I følgje E24 må Kværner sikre seg nytt arbeid for minst 540 millionar kroner i løpet av året for å sikre sin eigen omsetnadsprognose på over åtte milliardar kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -