Amram Hadida, klubbleiar Kværner Stord. Foto: Camilla Aadland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Klubbleiaren i Kværner fortel at mange er prega etter ulukka, der ein mann i 30-åra omkom då han fekk ein bil over seg.

Måndag stadfesta Stord-lensmann at livet til den forulukka mannen ikkje stod til å redde, etter at han for ei veke sidan fekk ein bil over seg då han haldt på med vedlikehald av bilen.

Klubbleiar ved Kværner, Amram Hadida, fortel at dei tilsette blei informert om at dei hadde mista ein kjær kollega like før helga.

– Då me høyrte om dette var det eit sjokk for oss alle. Det er tragisk å miste ein god arbeidskollega. Det går inn på deg når slikt skjer. På vegner av verkstadklubben vil eg uttrykkje min djupaste medkjensle til hans nærmaste.

Hadida fortel at den omkomne var ein godt likt kollega.

- Annonse -

– Me kjente han godt. Han var sympatisk og godt likt, og hadde eit stort pågangsmot og var ikkje redd for å ta utfordringar. Tankane går først og framst til hans næraste familie, seier Hadida.

- Annonse -
- Annonse -

Fredag var klubben ved Kværner samla for eitt minutts stillheit.

– Me hadde klubbstyresamling på fredag. Me haldt då eitt minutts stillheit. Me vil også vise han vår siste respekt under gravferda som skal skje i morgon.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -