Kværner på Stord har sikra seg demoleringsjobb for plattformdekket og brua til Valhall QP-plattforma (innfelt) og Varg A-installasjonen. Foto: Aker BP / Talisman Energy Norge AS
- Annonse -

Demoleringsanlegget på Stord skal resirkulere plattformdekket og brua til den 36 år gamle Valhall QP-plattforma, samt gjenvinning av Varg A-installasjonen.

Kværner har inngått avtale med selskapet Allseas for resirkulering av Valhall QP-plattformdekket når denne installasjonen skal fjernast i 2019. Strukturane vil takast i får kvarandre i løpet av vinteren 2019 og våren 2020, melder Kværner i ei melding.

Men allereie til årets sommar blir det meir jobb for demoleringanlegget på Stord. Kværner har nemleg også signert kontrakt med Saipem UK for gjenvinning av Varg A-installasjonen.

– Viktige kontraktar

Varg A blei opphavleg levert av Kværner sitt verft i Verdal 1997. Plattformdekk, mono-tårn, pæler og diverse tilbehør vil bli levert til demoleringsanlegget på Stord sommaren 2018.

– I løpet av det siste året har me sikra oss fleire kontraktar for gjenvinning av nedstengte olje- og gassanlegg. Med eit aukande tal offshore-installasjonar som når slutten av produksjonen, er avtalane med Allseas og Saipem for fjerning og gjenvinning strategisk viktige for oss, seier Guro Høyaas Løken, som er leiar for demoleringsprosessane i Kværner.

Kværner ønskjer ikkje å opplyse om verdien av dei to demoleringskontraktane.

Satsingsområde

- Annonse -

I meldinga skriv Kværner at anlegget på Stord er spesialisert innan miljøvenleg avhendig, og har høgt fokus på gjenbruk og gjenvinning av komponentar og materialar frå utrangerte offshore-plattformar og subseaanlegg.

Kværner melder at demolering vil bli eit viktig satsing for konsernet dei neste åra.

– Det er eit stort tal på slike installasjonar på norsk sokkel og eit endå større tal i resten av Nordsjøen. Kværner har som mål å auke verksemda relatert til fjerning og avhendig av utrangerte offshore-installasjonar, seier Løken.

- Annonse -