Gyda-plattforma har vore i produksjon sidan 1990. Foto: Norsk Petroleum
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kværner er blitt tildelt kontrakt for førebuingar og opphogging av Gyda. Arbeidet skal skje på Stord.

Det kjem fram i ei børsmelding frå Kværner fredag ettermiddag.

Plattforma Gyda har produsert olje og gass på norsk sokkel sidan 1990. Kværner har no vunne kontrakt av selskapet Allseas for førebuingar for opphogging og resirkulering av plattforma.

Kværner vil jobbe saman med Allseas med å demontere oljeplattforma i Nordsjøen for å førebu transporten til land. Det er tungløftefartøyet Pioneering Spirit som vil frakte plattforma til Stord.

Gyda-plattforma, som blir operert av selskapet Repsol. Plattforma består av ein plattformdekk med boresystem, eit bustadkvarter og prosessfasilitetar, som sit på eit stålunderstell festa til havbotn.

Intensjonen er at både det 18.000 tonn tunge plattformdekket og det 11.200 tonn tunge understellet skal bli fjerna og resirkulert.

- Annonse -

– Me er stolte av å vere ein del av den neste fasen av livssyklusen, og ta hand om resirkuleringa. I eit typisk prosjekt klarar Kværner å resirkulere meir enn 98 prosent av heile plattforma, skriv Kværner i børsmeldinga.

Det er bestemt at produksjonen for den nær 30 år gamle plattforma skal opphøyre i løpet av 2019.

Det er ikkje opplyst kor mykje kontrakten er verdt i kroner og øre, og kor mange tilsette som vil ta del i arbeidet på Stord.

- Annonse -