Foto: Kværner
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kværner har sendt EU-søknad om å få løyve til å resirkulere opp til 200 meter lange flytande installasjonar ved demoleringsanlegget på Eldøyane.

Verksemda har nyleg sendt søknad til Miljødirektoratet om å stå på den europeiske lista over godkjente skipgjennvinningsanlegg.

Bakgrunnen er nye EU-forskrifter som krev europeisk godkjenning for å drive med slik type verksemd.

I følgje miljødirektoratet vert omgrepet skipsgjenvinnng brukt i vid forstand, og omfattar alle type flytande strukturar, slik som offshore-riggar og flytande plattformer.

Passar for alle flytande installasjonar

Men i søknaden skriv Kværner at dei ber om godkjenning for å ta i mot alle typar flytande fartøy.

– Kaien vår har ubegrensa tilgang frå sjøen, og passar for alle type flytande installasjonar, skriv Kværner i søknaden.

- Annonse -
- Annonse -

Mindre fartøy på opp mot 2000 tonn skal kunne gå direkte opp slippen ved demoleringsanlegget på Eldøyane. Når det gjeld større fartøy vil dei bli delvis demolert på kaien ved hjelp av kranar før skroget blir ført opp slippen.

Kværner opplyser at dei vil resirkulere 60.000 tonnasjeeiningar kvart år, basert på tidlegare aktivitet.

- Annonse -

Blir nest størst i Europa

Frå før er det berre 21 anlegg i Europa som står på den godkjente lista over gjenvinningsanlegg. Ingen av dei er i Norge.

Av desse 21 anlegga er det berre eitt anlegg tek i mot og resirkulere meir tonnasje enn det Kværner opplyser om i søknaden. Det er det britiske verftet Able UK, sør for Newcastle, som tek i mot eit snitt på 66.000 tonnasjeeiningar årleg.

Odd Naustdal i Kværner. Foto: Sysla

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, fortel at søknaden ikkje må tolkast som om Kværner har konkrete planar om begynne å hogge opp skip.

– Me fekk spørsmål om me ville stå på den europeiske lista over godkjente anlegg, og det ville me. Det er ikkje eit uttrykk for at me vil begynne å hogge opp skip. Me har ingen planar om det førebels iallfall.

Naustdal fortel at demoleringsanlegget tidlegare har hatt flytande insallasjonar inne til opphugging, som altså går under definisjonen på skip.

– Me har hatt flytande installasjonar til opphugging hos oss tidlegare, så det er sånn set inga endring. Me har ingen konkrete planar om opphugging av andre produkt enn det me held på med i dag.

- Annonse -