Statfjord A blei bygdpå Stord. No er plattformen snart klar for opphugging. Foto: Equinor
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Plattforma er rekna å kome tilbake til Stord rundt 2023, og vil gi rundt 200 årsverk.

Selskapet Allseas har tildelt Kværner kontrakt for demontering og attvinning av dekket til Equinor si pattform Statfjord A.

Plattformdekket til Statfjord A-plattforma blei opphavleg bygd på Stord på midten av 1970-talet. No kjem Statfjord A dermed tilbake til Stord for å avslutte livssyklusen sin.

– Me er glade for å vere involvert i attvinninga av den største strukturen som vert fjerna frå norsk sokkel så langt. Omfanget av dette prosjektet vil gi ei styrke av KVærner sitt anlegg for attvinning av offshore-installasjonar, seier konsernsjef Karl-Petter Løken.

Ambisjonen til Kværner er å attvinne meir enn 98 prosent av plattforma.

– Statfjord A har skapt verdiar og sysselsetjing i fleire tiår. Dette held fram når me startar prosessen som gjer det mogleg å bruke att tusenvis av tonn med høgverdige materialar for framtidige føremål.

- Annonse -
- Annonse -

Equinor har peikt ut selskapet Allseas til å gjennomføre all prosjektering, førebuing, fjerning og avhending av plattformdekket. Dette inkluderer også dei marine operasjonane, som løfting av plattformdekket frå betongunderstellet, og transporten til lands.

Plattformdekket til Statfjord A-plattforma blei bygd på Stord på midten av 1970-talet. Foto: Norsk Oljemuseum

Ved transporten til Stord vil plattformdekket bli overført til lekteren Iron Lady før innlasting til attvinningsanlegget.

Kværner sitt arbeid inkluderer klargjering av kaiområdet for innlasting, assistanse i samband med innlastinga og gjennomføring av demontering av plattformdekket.

Kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, opplyser at det vil vere mange årsverk i sving for demoleringsjobben.

– Me antek at det vil gi rundt 200 årsverk. Det er jo veldig mykje for å vere ein demoleringsjobb.

- Annonse -

– Kva tid er vil plattforma kome til Stord?

– Me jobbar med eit utgangspunkt at den vil kome til Stord rundt 2023, men dette er ikkje heilt spikra. Noko av det me skal jobbe med no er planen for prosjektet framover, der dette blir avklart.

Statfjord A-plattforma består av eit betongunderstell som står på havbotn i Tampen-området i Nordsjøen. Den berer vekta av plattformdekket på rundt 48.000 tonn. Både betongunderstellet og plattformdekket blei levert av Kværner på 70-talet.

Plattforma var den første installasjonen på Statfjord-feltet, som har vore Norges mestproduserande oljefelt.

Sjå Equinor sin video frå plattforma her:

Statfjord A tilbake til Stord

Etter 43 år i produksjon stenger Statfjord A ned i 2022. Plattformdekket skal hogges opp og gjenvinnes på Stord, der det ble bygget på 70-tallet. Det skal fjernes i ett løft av verdens største løftefartøy, Pioneering Spirit. Kontrakten som dekker ingeniørarbeid, forarbeid, fjerning og opphogging er tildelt Excalibur Marine Contractors, et datterselskap av Allseas.

Geplaatst door Equinor op Donderdag 2 mei 2019

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -