Plattformdekket til Statfjord A-plattforma blei bygd på Stord på midten av 1970-talet. Foto: Norsk Oljemuseum
- Annonse -

Nyleg tilsett konserndirektør, Karl Petter Løken, trur demoleringsverksemda vert stadig viktigare for verftet på Stord i framtida.

I eit intervju med Haugesunds Avis fortel Løken har ein visjon om at når Statfjord A skal fasast ut, er det Kværner Stord som skal demontere plattformdekket.

Det var også på Stord at plattformdekket vart bygd på Stord på midten av 1970-talet.

Konserndirektør i Kværner, Karl Petter Løken. Foto: Kværner

– 99 % av materiala frå gamle plattforma blir brukt på ny. Det står i kontrast til forbrukarsamfunnets bruk og kast, når me ser korleis apparatar vert kasta i staden for å bli reparert, slikt det blei gjort før, sier Løken til avisa.

Equinor sin eldste plattform

Statfjord A-plattforma skulle etter planen ha blitt stengt for ti år sidan, men teknologiutviklinga har gjort det lønsamt å halde fram produksjonen.

– Statfjord A er vår eldste plattform og representerer historia om Statoil sin begynnelse. Forlengelsa betyr at Statfjord A framleis vil vere i drift når den nye giganten Johan Sverdrup startar opp, sa Atle Rettedal, produksjonsdirektør for Statfjord-feltet til Teknisk Ukeblad for nokre år sidan.

- Annonse -
- Annonse -

No er planen å halde fram produksjonen av feltet fram til minst 2025.

- Annonse -

Utviding av djupvasskaien og forlenginga av gigantkrana «Storen», vil gjere at Kværner Stord kan ta på seg fleire oppdrag innan opphogging.

Fleire nye demoleringskontraktar

Kværner Stord har skaffa seg ei rekkje demoleringskontraktar dei siste åra.

I desse dagar blir den britiske Miller-plattforma demolert på Stord, ein kontrakt som har ei verdi på 200 millionar kroner.

Kværner inngjekk i vinter avtale med selskapet Allseas for resirkulering av Valhall QP-plattformdekket når denne installasjonen skal fjernast i 2019. Kværner har nemleg også signert kontrakt med Saipem UK for gjenvinning av Varg A-installasjonen.

– Det er eit stort tal på slike installasjonar på norsk sokkel og eit endå større tal i resten av Nordsjøen. Kværner har som mål å auke verksemda relatert til fjerning og avhendig av utrangerte offshore-installasjonar, sa Karl Petter Løken då.