Elev ved Stord vidaregåande Damian Wlodzimierz Marszałek diskuterte framtidige grønne næringar med Kværner-konsernsjef Jan Arve Haugan (t.h.) i fjor. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Jan Arve Haugan i Kværner trur offshore-kompetansen til konsernet kan nyttast til alt frå vindkraft, hydrogen og batteri i framtida.

Under årets Stordkonferanse vart spenninga mellom den tradisjonelle olje- og gassnæringa og veksande fornybare industriar eit gjennomgåande tema. Spesielt den yngre generasjonen ville borre i dette spørsmålet, under paneldebatten til U37-nettverket på Stord og Young Realisers i Kværner.

På spørsmål om korleis det tradisjonelle oljeproduksjonsselskapet Kværner ser på dei fornybare næringane, ga konsernsjef Jan Arve Haugan eit svært optimistisk svar.

– Eg ser stort potensiale i å lagre hydrogen på ein trygg måte og få ein energibalanse som gjer at det kan bli ein del av løysinga. Det Kværner held på med er å sy kompliserte bitar saman, og det kjem også til å vere aktuelt om det er snakk om batteri eller hydrogenbrenselceller. Så det passar perfekt for oss.

Høgst aktuelt med vindkraft

Med dei ruvande Hywind-møllene som næraste nabo til Kværner Stord kan det tyde på at Haugan også har blitt inspirert av Statoil si storsatsing.

- Annonse -

– Me har sett at det er høgst aktuelt å jobbe med vindkraft. Me ser jo kva som skjer no, så det å få vindkraftprodujsjonen ut på havet, og vekk frå dei fine åsane på Fitjar, er høgst aktuelt. Når energiproduksjonen beveger seg ut i havet vil rolla vår som integrator passe utmerka i denne næringa.

Haugan peika også på den aukande næringa med å demolere plattformar vil bli eit viktig satsingsområde for Kværner framover.

– Kompetansen vår til å skru ting saman kan me også bruke for å ta det ned igjen. Å fokusere på attvinning av produksjonsanlegga er høgst aktuelt. Me ser at dette med decomissioning er eit typisk område me kan vidareutvikle.

Upopulært å jobbe i olja

Den yngste talaren på Stord-konferansen var sannsynlegvis Damian Wlodzimierz Marszałek frå Stord vidaregåande skule. Han fortalte på talarstolen om ei undersøking som vart gjort blant elevane på skulen om kva inntrykk dei hadde av oljebransjen.

Svaret dei fekk var svært todelt. Blant elevane på dei yrkesretta linene var det ein god del som svarte at dei ville jobbe i oljebransjen. Men på studiespesialiserande på Saghaugen var det ikkje ein einaste som ønskte å starte på ei karriere i oljebransjen.

– På studiespesialisering var elevane veldig negative. Det var ikkje ein einaste av dei som svarte at dei ville jobba i oljebransjen. Her har elevane heilt andre mål, seier Marszałek.

Men på yrkesfag på det som var gamle Stord yrkesskule var altså situasjonen ein annan.

– Elevane på dei yrkesfaglege linjene var veldig for oljebransjen, hadde meir tru på den og var innforstått me at me aldri vil klare å erstatte den fullstendig.

Men på nokre område var det fellestrekk.

– Begge gruppene var opptekne av utslepp i Lofoten og Vesterålen, og begge gruppene var bekymra for at det skulle bli færre arbeidsplassar i næringa. Og alle var opptekne av trygge arbeidsplassar, seier Marszałek.

 

- Annonse -