Illustrasjon av Hywind Tampen-prosjektet. Ill.: Equinor
- Annonse -

Arbeidet vil starte på Kværner sitt spesialiserte anlegg på Stord, før botnseksjonane og vindturbinane vert ferdigstilt i Vindafjord og i Gulen.

Onsdag signerer Equinor kontraktar for ein samla verdi til 3,3 milliarder kroner for havvindsatsinga Hywind Tampen.

Kontraktane vert fordelt til Kværner, som skal stå for nær halvparten av arbeidet, samt Siemens, Subsea 7 og JDR Cable System.

– Signering av fem store kontraktar er ein viktig milestein i arbeidet med å realisere pionerprosjektet Hywind Tampen. Kontraktane er vunne i internasjonal konkurranse og viser at olje- og gassindustrien også er konkurransedyktig innan fornybarprosjekt. Dei tildelte kontraktane vil gi betydelege ringverknader i Norge, seier Anders Opedal, konserndirektør i Equinor for Teknologi, prosjekt og boring.

1,5 milliardar

Kværner skal levere elleve flytande betongskrog for turbinar til ein verdi på rundt 1,5 milliardar kroner. Arbeidet vil starte på Kværner sitt spesialiserte anlegg på Stord før botnseksjonane og vindturbinanee vert ferdigstilt i Vindafjord og i Gulen.

– Kværner har som mål å bidra til berekraftige og verdiskapande løysingar for miljøet og samfunnet. Hywind Tampen-prosjektet banar veg for fleire vindkraftparkar både i Norge og internasjonalt. Dagens nye kontrakt er eit veldig viktig steg i Kværners strategi om å vekse innan fornybar verksemd, i tillegg til vår eksisterande verksemd innan olje og gass, seier konsernsjef i Kværner, Karl-Petter Løken.

- Annonse -
Det var spektakulære inntrykk å sjå på Stord i 2017 under monteringa av Hywind-turbinane. No går det mot eit nytt vindmølle-eventyr. Foto: Equinor

Prosjektet vert starta umiddelbart og skal ferdigstillast hausten 2022, opplyser Kværner.

– Det var ein viktig milestein for oss då vi våren 2019 blei bedne om å delta i tidlegfase-prosjektering for Hywind Tampen, og dermed bidra til å utvikle løysinga som me no skal begynne å bygge. I år har me også rekruttert fleire betongspesialistar, fordi me ser fleire moglegheiter for Kværner til å delta i viktige prosjekt globalt, seier Løken.

Oppstart i 2022

Hywind Tampen-prosjektet skal installerast offshore Norge, vest for Bergen, kor vindturbinane skal levere elektrisk kraft til olje- og gassplattformane Gullfaks A, B, C og Snorre A og B.

Olje- og gassplattformane blir dei første i verda som skal forsynast med kraft frå ein flytande havvindpark. Utsleppa frå Gullfaks- og Snorre-feltene skal reduserast med meir enn 200.000 tonn per år, noe som tilsvarar dei årlege utsleppa frå 100.000 personbilar, opplyser Equinor.

Investeringa i Hywind Tampen-prosjektet vil vere i underkant av 5 milliardar norske kroner. Alle kontraktar har atterhald om endelig godkjenning frå styresmaktene av plan for utbygging og drift.

Oppstart av vindparken vert planlagt i slutten av 2022.

Kværner har laga ein video som viser korleis arbeidet på Stord skal utførast:

Kvaerner today signs a contract with Equinor for the delivery of 11 floating concrete hulls for the Tampen area. Hywind Tampen will be the world’s largest offshore wind farm and will reduce Norwegian CO2 emissions with the equivalent to the emissions from 100 000 cars. The assignment represents a huge breakthrough for Kvaerner’s renewable strategy.

Geplaatst door Kvaerner op Woensdag 30 oktober 2019
- Annonse -