Slik vil Johan Sverdrup-plattforma bli når den er ferdigstilt i 2019.
- Annonse -

Partnarskapet i Johan Sverdrup har bestemt at vidareføring av fase to av utbygginga skal gå til Kværner, Aker Solutions og Siemens.

Kværner-kontrakten kjem som eit resultat av rammeavtalen som vart inngått mellom Statoil og Kværner i 2014, og har ein verdi på rundt seks millionar kroner, med opsjonar på tilleggsstudiar for å sjå på alternative installasjonsmetodar. Det opplyser Kværner i ei pressemelding.

– Denne kontrakten er svært viktig for Kværner og for vår posisjon som ein leiande leverandør av jacket-design og prosjekt, seier konserndirektør med ansvar for jackets, Sturla Magnus, i meldinga.

Jobb i Verdal og i Oslo

Jobben startar straks og vil gå fram til levering av endeleg FEED studierapport 1. februar 2018.

- Annonse -

Arbeidet Kværner skal stå for vil bli gjennomført av selskapet si spesialiserte ingeniørgruppe for stålkonstruksjonar. Arbeidet vil i hovudsak skje ved Kværner sine avdelingar i Verdal og Oslo.

Fase to av Sverdrup-feltet skal koste mellom 40 milliardar og 55 milliardar kroner, ifølgje Statoil. Utbygginga skal starte i 2022, og vil vere lønsam så lenge oljeprisen held seg over 30 dollar fatet.

– Gledelig

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) er glad for at norske aktørar får dei nye Sverdrup-kontraktane.

– Utbygginga av Sverdrup-feltet gir rike moglegheiter for norske leverandørverksemder. Mange av kontraktane som allereie er tildelt har gått til leverandørar i Norge. Det er gledeleg å sjå at denne trenden held fram ved dagens tildeling. Gjennom å levere dei beste løysingane for oljeselskapane vil leverandørindustrien blomstre i tiår framover, uttalar Søviknes.

- Annonse -