Heiane Vest. Foto: Frontagruppen
- Annonse -

Stord Innvkvartering skal leggje til rette for auka kapasitet for innleigde arbeidarar for Kværner.

– På grunn av stor aktivitet i Njord-prosjektet, og stigande aktivitet i prosjekta Johan Castberg og Johan Sverdrup fase 2, vil det ein periode framover vera behov for auka leirkapasitet på Stord, opplyser kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner i ei pressemelding.

Kværner har difor gjort avtale med Heiane Vest AS og Stord Innkvartering AS for etablering ein mellombels leir på Heiane.

Her vil det bli etablert åtte bustadriggar og kantine, med ein total kapasitet på 350 rom. Leiren vil i første omgang bli etablert for ein periode på seks månader, men med opsjon på ytterlegare fire månader, opplyser Kværner.

– Leiren på Heiane kjem i tillegg til leiren på Kjøtteinståa, som har ein kapasitet på ca 1000 rom.

Arbeidet med prosjektering og opparbeiding av leiren på Heiane er allereie i gang. Første del av leiren er venta å stå klar i slutten av oktober, medan full leirkapasitet skal vera klar i byrjinga av desember.

- Annonse -

Selskapet Heiane Vest AS er eigd i like store deler av Leif Trygve Nilsen sitt selskap Boligpartner Finans AS, og selskapet Fronta Eiendomsutvikling.

- Annonse -