VEL BEKOMME: Prøvar du kvit pizza med steinsopp, kan det hende du har skaffa deg ein ny yndlingsrett. FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix /
- Annonse -

Kvit pizza er ikkje fullt så vanleg som raud, men minst like godt.

Av: Matskribent Even Ramsvik/NPK-NTB

«Pizza bianca» eller kvit pizza er den føretrekte pizzaversjonen min, anten eg et ute eller heime. Her er variantane mange. Nokon bruker ein bechamelaktig saus, andre – meg inkludert – føretrekker rømme eller crème fraîche som tilfører ei god syre til den feite, salte pizzaen. Fordelen med crème fraîche er at den toler høg temperatur utan å sprekke.

Stjernekokken Even Ramsvik (35) vil gjere det enkle perfekt – med ein personleg vri. Ramsvik har vore innehavar av ei Michelin-stjerne med restauranten Ylajali, og har hausta mange gullmedaljar både aleine og saman med Kokkelandslaget. FOTO: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Ein kan gjerne lage ein god kvardagsversjon av denne pizzaen. Kvardagsversjonen er rett og stetta utan steinsopp, som det kan vere utfordrande å skaffe til vegar.

Men skal ein lage favoritten min, med den beste pizzatoppinga i verda til kvit pizza, finst det ingen snarvegar. Då må ein ha steinsopp.

Det ideelle er så klart å følgje sesongane, og bruke sopp om hausten. Men så er det jo slik at ikkje alle år er gode soppår. Iblant er det lite steinsopp å finne, andre gonger bognar det på skogbotnen. Å ha steinsopp i frysaren er ei god heilårsløysing. Både til gryter, sausar og pizza er frosen steinsopp eit bra alternativ når fersk sopp er utilgjengeleg.

- Annonse -

Bacon tilfører ein komplimenterande røyk- og saltsmak som passar veldig godt, men ein kan òg bruke andre typar kjøt eller pølse. Ein kan òg halde pizzaen vegetarisk, til dømes med litt fleire typar sopp og gjerne nokre lubne bit av purreløk.

Vil ein gjenskape det røykte elementet til vegetarpizzaen, kan ein prøve å røykje olivenolje. Feitt bind seg nemleg lett til røykaromaen. Ein set berre ei skål med olje i ein røykbehaldar, så får ein spennande røykt olje som kan brukast som topping på rike rettar av fugl, omnsbakte poteter og nykokte norske asparges: Olja er òg fin å lage majones på, nydeleg til mellom anna reker.

Kvit pizza med sopp og bacon Ingrediensar (2 personar)

  • 1,5 dl lunka vatn
  • 0,25 dl olivenolje
  • 1 ts. tørrgjær
  • 0,5 ss sukker
  • 250 g pizzamjøl
  • 1 ts. salt
  • 8 skiver godt bacon
  • 0,5 boks crème fraîche
  • 2 fedd kvitløk
  • 0,5 fennikel
  • 1 ss sitrontimian
  • 150 g steinsopp
  • 3 stenger grønkål
  • 1 fersk mozzarella
  • salt og olivenolje

Framgangsmåte

Lag først pizzadeigen i ein eltebolle: Bland saman olje, vatn, sukker og gjær, og visp det saman til alt er oppløyst. Tilset sikta mjøl og salt, og elt deigen i 15 minutt i kjøkkenmaskina på medium fart eller for hand.

La deigen gjerne få heve seg cirka ein time i romtemperatur, før du slår ut lufta og deler han opp i emne, rullar dei til kuler og legg dei på brett. Dekk med plastfolie, og la deigkulene heve i kjøleskapet i 12–17 timar. Denne prosessen kan sjølvsagt sløyfast, men den gir ein mykje betre deig og meir utvikla smak.

Bak ut pizzaen på benken med litt ekstra mjøl, så han ikkje festar seg til benken. Du kan gjerne bruke berre hendene, utan kjevle.

Bland crème fraîche med finhakka kvitløk, og smak til med salt. Smør eit tynt lag på pizzabotnen. Hald fram med skiver eller bit av fersk mozzarella, sopp, bacon, grønkål og timian. Steik pizzaen i godt forvarma omn, gjerne på pizzaprogram som gir god undervarme. Pizzaen blir steikt til han er god og gyllen.

Topp med høvla fennikelsalat som ein god, frisk kontrast.