Foto: Midtfjellet vindpark
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Geir Angeltveit i Venstre prøvar å svare på det store spørsmålet me ofte høyrer når det vert snakk om det grønne skiftet.

Geir Angeltveit i Venstre. Foto: Stord kommune

Av: Geir Angeltveit, Stord Venstre

Det vil aldri bli EI næring som kan erstatta olje- og gassindustrien.

Me skal vere stolte over korleis Norge har blitt ei teknologisk kjempa på olje og offshore-marknaden. Med ein samfunnsmodell og velferdsstat som mange andre ønske å læra av.

Men det skjer nye ting i Norge og i verda. Når oljelampa blinkar i bilen, hjelp det ikkje å knusa han. Klimautfordringane går ikkje vekk. Og lønnsomheita i oljeindustrien vil synka i takt med at våre europeiske handelspartnarar går over på meir og meir fornybart.

Venstre vil bidra til omstilling og til at me får fleire bein å stå på. Her er nokre visjonar om framtida.

- Annonse -

1. Maritim sektor

Med vår bakgrunn har me kompetanse til å bidra i alle typer maritime sektorar. Flytande bruer, flytande byar, flytande havvindmøller, havbruks- og oppdrettsanlegg over og under sjøen og mykje anna skip og moderne miljøvenleg framdriftsteknologi.

I Norge har me bedrifter som står klar til å laga elektriske skip. Med langt meir effektive skrog, propellar og motorar.

Venstre vil setta høge krav til energibruk og utslepp i offentlege bestillingar. Då må bedriftene konkurrera om å levera best teknologi, og ikkje berre pris.

Då skapar me ein marknad der norsk teknologikompetanse blir avgjerande.

På den måten får bedriftene begynt å produsera teknologien sin i stor skala og hausta erfaringar frå det.

Dei erfaringane kan dei bruka til å selga produktene sine internasjonalt. Ferjer, lystbåtar, hurtigbåtar eller internasjonal shipping.

Ved å laga ei startgrop her heima, så sørger me for at norsk industri kjem først i feltet i utviklinga av miljøteknologi.

2. Alle dei nye jobbane

Eit av hovudpoenga til Venstre er at det er vanskeleg å spå kva nye idear som kan komma.

Derfor må me bruka pengar på det me er gode på frå før av, men også sørga for at me kan hjelpa dagens bedrifter å skapa nye idear. Og hjelpa dei som har idear til å gjer noko med dei.

Det er mange som sit med idear, men som ikkje veit korleis dei ska utvikla eit produkt eller handtera alt som må gjerast utanom. Mange har ikkje økonomi til å ta steget ut i eit slikt prosjekt.

Gründerbedrifter i heile landet får med Venstre tilgang til pengar dei kan bruka til å støtta nye bedrifter. Slik kan enkeltpersonar skapa nye arbeidsplassar til seg sjølv og andre av sin idé.

3. Marin sektor

Denne næringa er enormt spennande. Både eksisterande oppdrettsindustri men også algar, krabbe, skjell, tang og tare.

Ved Universitetet i Bergen var det nokre forskarar som var nysgjerrige på kva den irriterande sjøpølsa eigentleg var.

Sjøpølsa eller sekkedyr er eit dyr som spis bakteriar i sjøen, veks omtrent på kva som helst. Forskarane fann ut at den består av cellulose, proteiner og andre nyttige stoffer.

Viss dei lykkast med testprosjektet sitt kan dei kanskje dyrka bærekraftig fiskefôr, biodrivstoff og mykje meir.

Det finnes mange slike gryande eksempler langs kysten.

Venstre vil prioritera å bruka pengar på forskning så me kan utvikla bærekraftige havbruksindustriar for framtida.

4. Nye bransjar kan bli store

Det er mange næringar me har i dag som er mindre enn dei kunne vera.

Noreg har vakker natur, og er eit trygt land som kan tilby unike turistopplevelsar for langt fleire.

Me har gode føresetnadar for datasentre; klima, vatn, geografisk og politisk stabilitet og plass, særleg her på Vestlandet er dette aktuelt. Då må me sørga for at infrastrukturen når det gjelder oversjøisk fiber vert utbetra enda meir og på sikt kan også dette realiserast.

Menneskelege ressursar i helse og utdanningssektoren vil det vere stort behov for i framtida, samstundes som me vil bli nødd til å utvikla avansert og moderne velferdsteknologi for å bista dei tilsette med arbeidet.

Denne oversikten er på ingen som helst måte uttømmande. Venstre kjem uansett til å stå beinhardt på den grøne omstillinga, og har ein klar visjon om at den startar berre om me legg grunnsteinane for den gjennom klimakrav, forskning og reine friske midler til nye næringar og verksemder.

- Annonse -