Foto: Skyss
- Annonse -

I fylkesrådmannen sitt framlegg til budsjett for neste år blir det ingen endringar i ferjeavgangane, slik mange har frykta.

Tidlegare i haust varsla Skyss at dei vurderte å kutte den siste ferjeavgangen på alle fylkessambanda i Hordaland, i samband med at fylket må gjere store innsparingar.

Forslaget skapte store protestar, mellom anna frå ordførarane i Austevoll, Tysnes og Kvinnherad.

Men i framlegget til neste års budsjett kjem det fram at ferjevgangane er redda.

På samferdselssektoren foreslår fylkesrådmannen, med eit unnatak, uendra ferjetilbod frå 2018 til 2019.

Men eitt båttilbod i Sunnhordland er føreslått lagt ned til neste år. Det gjeld hurtigbåtruta mellom Våge og Reksteren på Tysnes og Os.

- Annonse -

– Dette er ei rute som er lagt opp for arbeids- og skulereisande, og alternativ reiseveg vert då med ferje og buss frå Halhjem. Det inneber at reisetida frå Våge til dei vidaregåande skulane på Os vil auke noko, skriv fylkesrådmannen.

I tillegg er det føreslått å kutte ut morgonavgangane frå Ølen (inklusive avgangar Fjellberg og Borgundøy) og kutte returavgangen om kvelden.

- Annonse -