Gardsdriften på Sæbø gård er eitt av fleire tiltak for utviklingshemma på Stord. Foto; Sæbø gård/Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Kommunen bryt FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsettfunksjonsevne dersom kutta til rådmannen blir realiserte, skriv leiaren i NFU Stord/Fitjar.

Av: Evy Skogedal
leiar, Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU) Stord/Fitjar

NFU Stord/Fitjar vil gratulera Stord kommune som vinnar av statens bustadsosiale pris. Metrur heilt sikkert at prisen er vel fortent, og kan sjølvsagt glede oss over dette. Dette er ein prisfor storsatsing på bustadar for vanskelegstilte. Stord kommune har utvilsamt gjort eit viktigarbeid på dette området.

Me opplever likevel at det er litt av eit paradoks når me er kjent med at ei stor gruppemenneske med nedsett funksjonsevne står utan eigen bustad. Dette omfattar også godt vaksnepersonar heilt opp i 50 åra. Desse er prisgitt sine gamle foreldre som framleis «husar» dei. Mespør oss sjølve kvifor denne gruppa menneske er gløymde i denne samanhengen(også)?

NFU Stord/Fitjar reagerer naturleg nok med sjokk og vantru når dei les budsjettframlegget tilStord kommune. Rådmannen føreslår mellom anna ei mogleg avvikling av bustadane påSaghaugen for å gje desse tilbod på Haga som då vil bli eit svært bufellesskap, stikk i stridmed NFU sine prinsipp og i strid med Kaldheimutvalet sine vurderingar om korleisutviklingshemma skal kunne bu i framtida.

Institusjonstenking bør vera eit tilbakelagt stadium i 2018. Dette er løysingar frå ei svunnentid. Dette framlegget kan dessutan resultera i tvangsflytting dersom ikkje bebuarane ønskjer åflytta, og det er høgst truleg også i strid med husleigelova sine reglar om oppseiing.Leigetakarar i bufellesskap har dei same rettane som andre ordinære leigetakarar. Vågåkommune har, til orientering, handsama ei slik sak. Dei trekte denne i 12 time.

- Annonse -
- Annonse -

Så vidt eg er kjent med, er det allereie 20 personar i kø for å få bustad på Haga. Kvar harkommunen tenkt at desse skal plasserast no når det kanskje kjem bebuarar frå andrebufellesskap hit? NFU undrar elles på kva som hadde skjedd dersom ein hadde kome medbudsjettframlegg om å leggja ned eit burettslag med «ordinære» leigetakarar, for så å flyttadesse til eit anna burettslag, ein annan plass på øya?

Rådmannen kallar det kostnadseffektivt når ein samlar alle som treng bistand frå kommunen i svære ghettoar. Dette vert ei kraftig fortetting. les me vidare i budsjettframlegget. Dette erløysingar som gjer sårbare personar endå meir sårbare. NFU kallar det å gå baklengs inn iframtida! At byråkratar må tenkja kostnadseffektivt, er ikkje på nokon måte overraskande,men ein lyt likevel alltid sjå til seriøs forskning, jamfør Tøssebro og Kittelsaa, som seier atstort faktisk ikkje er kostnadseffektivt. NFU har påpeikt dette fleire gongar tidlegare, menkommunen stolar likevel mest på eigen kunnskap. Organisasjonane sit på mykje bådeerfaringsbasert og lært kunnskap. Det har så vidt NFU er kjent med, likevel ikkje vorebrukarmedverknad i form av dialogmøter i prosessen før dette budsjettframlegget.

Det er, med respekt å melda, både overraskande og skuffande. NFU meiner at samarbeid gjennom drøftingar alltid gjer dei beste resultata, og håpar me kan ha det i framtida.

- Annonse -

Eit viktig perspektiv er også FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett
funksjonsevne(CRPD) som mellom anna skal sikra at kommunane sørgjer for at
utviklingshemma kan velja, kor og med kven dei vil bu,
på lik linje med alle andre. Det er
sterkt poengtert at kommunane i større grad skal leggja til rette for at utviklingshemma skal få sin eigen bustad. Personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta på lik linje med andre på alle samfunnsarenaer.
Dette er ikkje å leggja til rette, men tvert om. NFU opplever ein aukande institusjonstenking både i Stord kommune og elles i landet. Dette er ei skremmande utvikling, og heilt opplagte brot på menneskerettane for denne gruppa.

NFU reagerer også sterkt på framlegget om å leggje ned Vidsteentunet, for så å flytta desse personane til Sæbø gard. Mange med utviklingshemming har behov for å vere i eit roleg, stabilt og oversiktleg miljø. Noko anna kan føre til stress og vere uheldig med omsyn til helse og tryggleik. Brukarar ved Vidsteentunet som ønskjer det, bør få behalde tilbodet sitt der.

NFU er kjent med at tilsette har kome fram til dette i samråd med dei aktuelle brukarane sine føresette/verjer. Rådmannen skriv at ei avvikling av Vidsteentunet vil føre til ei kraftig
fortetting ved Sæbø gard. Ei slik fortetting ved Sæbø gard vil auke risikoen for konfliktar.

Det er viktig at ein kan ta omsyn til brukarar med særskilte behov for tilrettelegging. Det vert svært vanskeleg dersom Vidsteentunet vert avvikla.

Eit av måla ved nybygget på Sæbø gard, var mellom anna å auke kapasiteten ved dei
kommunale dagtilboda med tanke på framtidige brukarar. Dersom Vidsteentunet
Aktivitetssenter vert avvikla, er ein like langt. Det vert utfordrande å etablere tilbod til nye
som treng eit dagtilbod. Det kan også føre til at eksisterande brukarar får redusert tilbodet sitt, slik at behovet for tenester i heimen må aukast.

Når det gjeld måndag- og onsdagsklubben, er dette det einaste kommunale fritidstilbodet
kommunen tilbyr denne gruppa. Utviklingshemma har dessverre svært lite nettverk, og
klubben er for dei fleste høgdepunktet i veka. Det er svært uheldig viss det einaste tilbodet dei har, vert teke bort.

Menneske med nedsett funksjonsevne krev svært lite og ropar sjeldan og aldri høgt. No bør
ALLE pårørande
og verjer ropa i lag med oss i NFU, for dette er, slik me ser det, eit lite
gjennomtenkt og uetiske framlegg som vil redusera livskvaliteten til utviklingshemma
betydeleg. NFU Stord/Fitjar kjem til å kjempa for at desse framlegga ikkje blir ein realitet.

- Annonse -