Fartein Valen-statuen vart øydelagt i mai i år. Foto: Daniel DeNiazi/Sveiobladet
- Annonse -

Kunstnaren av statuen fortviler etter at hovudet vart funnen avhogd i Sveio sentrum i natt.

Det var i 2-tida natt til søndag at politiet fekk melding om at hovudet til komponisten Fartein Valen-statuen  var hogd av.

Politiet har så langt ikkje funne ut kven som har utført den makabre vandaliseringa, men dei er interesserte i å kome i kontakt med to tre ungdommar og ei dame, skriv Haugesunds Avis.

– Politiet ønskjer å kome i kontakt med desse personane. Politiet ønskjer opplysningar om skadeverket, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes ved Sør-Vest politidistrikt.

Det er kunstnaren Odin Øistad som står bak skulpturen. Han er fortvila over hærverket og tvilar på at statuen vil la seg reparere.

– Dette er heilt vanvittig! Eg blir heilt mållaus og satt ut. At menneske har noko i seg som gjer at dei får til å øydeleggje eit verk som er meint som noko positivt for Sveio er ubegripeleg, seier Øistad til VG.

- Annonse -

Statuen blei avduka 15. april i fjor i samband med Fartein Valen-festivalen. Den fekk altså berre stå i fred i eit drøyt år.

- Annonse -