Kurt Oddekalv under synfaring på Jektevik i samband med Hordfast i 2019. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Den profilerte miljøvernforkjemparen gjekk gjennom isen i Bergen måndag ettermiddag.

Det var i 16.45-tida at naudetatane rykka ut til Bahusvatnet i Fana i Bergen, etter mistanke om at ein person hadde falle gjennom isen.

Berre nokre timar seinare sender Vest politidistrikt ut ei melding der dei opplyser at det var Kurt Oddekalv som døydde.

«Det presiseres at familien ber om ro i tiden fremover. Familien vil også komme med en uttalelse i løpet av de nærmeste dagene. Videre uttalelse fra politiet blir fulgt opp av Bergen sør politistasjon, tirsdag 12 januar», skriv Vest politidistrikt i følgje BT.

Kurt Oddekalv blei 63 år. Han har i fleire tiår vore leiar av Miljøvernforbundet, som han sjølv var med å starta.

Oddekalv har også engasjert seg i fleire lokale saker i Sunnhordland dei siste åra. Han har markert seg som ein sterk motstandar av Hordfast. Forbundet hans har også uttalt seg svært kritiske til etablering av biogassanlegg på Stord.

- Annonse -

For eitt år sidan måtte Oddekalv møte i Sunnhordland tingrett, tiltalt for oppbevaring av kniv då han køyrde over Stord.

Kurt Oddekalv då han var tiltalt i ei straffesak på Stord i fjor. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24