Foto: Kjetil Ree/Wikipedia (CC BY-SA 3.0-lisens)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Høgskulemiljøet på Stord er sterkt uroa over at regjeringa si manglande satsing på musikk, kunst og song i forslag til ny læreplan. Ingen grunn til bekymring, svarar Torbjørn Røe Isaksen.

I går skreiv Stord24 at musikkutdanninga på Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, har ropt varsko om regjeringa si manglande satsing på kultur og song i forslaget til ny generell del av læreplan for grunnskulen som no er ute på høyring.

Etter å ha lese innspela frå høgskulen seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seg samd i mange av poenga.

– Mange gode poeng

– Her er det mange gode poeng, og så er det noko eg er ueinig. Men me er ikkje i nærleiken av å bli konkludere. Det har kome inn 350 innspel, og grunnen til at me sender det ut på høyring er jo nettopp for å få innspel som dette.

– Har det vore bevisst å fjerne song frå planen?

- Annonse -

– Det har vore bevisst i den forstand at me har skrive teksten. Men det har ikkje vore noko konkret ønske å ta song ut av skulen. Det er jo ein annan type læreplan enn tidlegare, men det har ikkje vore noko mål om å gå vekk frå musikk og songtradisjonen.

Viktig å reflektere

Kunnskapsministeren peiker på at høyringsdokumentet som ligg ute på høyring er ein overordna generell del, og ikkje den faglege delen som er meir detaljert.

– Det er ingen som har føreslått å ta vekk song frå skulen eller å ikkje ha kunst og handtverk og musikk som eigne fag. Dette skal vere eit verdidokument for norsk skule.

Røe Isaksen deler studieleiar ved HVL Kjell Magnar Helland sitt poeng at tradisjonelle kulturuttrykk i skulen er viktig er viktig i den overstimulerande kvardagen barn veks opp i.

–  Nettopp i ei flyktig tid som no der barn og unge vert bombadert av inntrykk så er det viktig å reflektere og ha tid til å sjå og oppleve noko som rører deg som menneske. Så desse faga er veldig viktige.

– Me jobbar med ein annan plan for å heve dei praktisk-estetiske faga i skulen. Så dette er viktige fag som me jobbar med å styrke og ikkje trekkje. Så er spørsmålet kor stor plass dei skal ha i den generelle delen av læreplanen, seier Isaksen.

 

- Annonse -