Stranda "leiro" på Huglo skal den siste tida ha vore forureina av gjødsel. Foto: Tipsar
- Annonse -

På stranda «leiro» på Huglo har det for tida vore lite freistande å bade. Det har nemleg vore utslepp av kumøkk ved den populære badestranda.

Tipsaren vår, som vil halde seg anonym, fortel at stranda vanlegvis vert nytta av dei fleste som vil bade på øya, og at utsleppet difor påverkar mange.

– Dette er ei populær badestrand på Huglo. Både hyttefolk og fastbuande plar nytte denne stranda.

Skal vera greitt å bade igjen

Då me ringde landbrukssjef i Stord og Fitjar, Geir Røssland, fortalde han at dei har fått melding om ein mindre lekkasje i eit lager for husdyrgjødsel på Huglo.

– Lekkasjen førte til at det rann gjødselvatn i ei grøft som munnar ut i nærleiken av stranda, fortel han.

Han fortel at skada skal ha vore utbetra raskt og at stranda igjen er trygg for badegjester.

- Annonse -

– Me fekk melding om at det som rann i grøfta var urin frå husdyr. Dette vart ført bort med straumen og etter den informasjonen eg har, skal det ikkje vera noko igjen, fortel Røssland.

Ikkje fyrste gong

Denne plakaten vert sett opp på stranda «leiro» på Huglo. Foto: Tipsar

Gardsbrukaren som stod ansvareleg for lekkasjen sytte for at det vart sett opp ein informasjonsplakat for å hindre at folk bada kring utløpet av grøfta.

Plakaten fortel at det har vore utslepp av kumøkk på stranda og at badegjester difor må bade på eiga ansvar.

Tipsaren vår fortalde oppgitt at dette ikkje er fyrste gongen stranda vert forureina av gjødsel.

– Dette har skjedd før. Det er ikkje meir enn eit halvt år sidan det skjedde sist, fortel han.