Foto: Jørn Olav Myhre
- Annonse -

Stord kulturskule får utvida tilbodet sitt med opp mot 60 nye elevplassar til hausten, og startar mellom anna ny teatergruppe for dei yngste.

Auken i tilbodet kjem som eit resultat av et arbeid med betre utnytting av ressursar, og mellom anna som eit resultat av nedlegginga av distriktsmusikarordninga, melder rektor ved Stord kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen.

– Me vil auke kapasiteten på fleire område, samt starte opp nokre nye tilbod, seier Jordåen.

Meir piano og tverrfløyte

Ho opplyser at dei nye plassane i hovudsak kjem på piano, tverrfløyte og for musikkleik for 1-2 år.

– I tillegg er det forventa at det blir ein del ledig på messinginstrument, fiolin og cello, men også noko på gitar. På gitar oppfordrar me eldre elevar til å søkje, frå 10 år og oppover.

- Annonse -
- Annonse -

Men det er ikkje berre innan musikk at kulturskulen får betre tilbod. Det vert mellom anna satsa på eit nytt tilbod for dei yngste teaterspirene.

- Annonse -

Ny teatergruppe

– I drama og teater starter me opp eit nytt tilbod for dei litt yngre elevane, frå sju til ni år. På dans vil me også få plass til mange elevar. I tillegg har me ei gruppe med visuelle kunstfag, der håper me å få starte ei gruppe til, men det er diverre ikkje heilt klart enda.

Frå hausten vil det til saman vere godt over 850 elevplassar ved Stord kulturskule.

Kulturskulen tilbyr undervisning i drama/teater, parkour, dans, visuelle kunstfag (teikning og maling m.m) og ei lang rekke instrument og song. Skulen har elevar frå null år til vaksen alder.

- Annonse -