Litlabø mottak.
- Annonse -

Leiinga ved Litlabø mottak fekk i går beskjed om at mottaket vil bli lagt ned frå 1. april 2018.

– Me har diverre vedteke å leggje ned Litlabø EMA-mottak. Det har samanheng med at det no kjem langt færre asylsøkjarar, og at mange av dei som fekk mottaksplass i 2016 no har fått ein opphaldskommmune, seier regiondirektør i UDI Vest, Stig Arne Thune.

Regjeringa har bestemt at den samla mottakskapasiteten i Norge skal ha 85 prosent belegg. UDI er eit godt stykke unna dette målet i dag. Dermed har dei ikkje anna val enn å halde fram med å legge ned mottak.

– Det er ein veldig krevjande prosess å leggje ned eit mottak, for det råkar så veldig mange. Først og fremst bebuarane som må flytte, men også dei tilsette som diverre mister arbeidet sitt og no må sjå seg etter nytt arbied. I tillegg råkar dette lag og organisasjonar som har gjort ein formidabel innsats.

Regiondirektør i UDI Vest, Stig Arne Thune. Foto: UDI

– Veldig godt mottak

Regiondirektøren har berre godord å seie om mottaket på Litlabø.

- Annonse -

– Eg vil berømme leiinga og dei tilsette på Litlabø for ein formidabel innsats i dei åra mottaket har eksistert. Dei har vore eit proaktivt og veldig godt mottak, men det er dei andre mottaka me har lagt ned også. Det er utelukkande gode mottak me legg ned.

– Kva vil skje med bebuarane på mottaket?

– Det kan ikkje eg seie per i dag. Nokre fyller kanskje 18 år i denne perioden og vil få tilbod om ordinært mottak. Nokre må flytta til EMA-mottak andre stadar i landet.

Normalt er det tre månadars oppseiingstid frå UDI gir beskjed om at eit mottak blir lagt ned. I dette tilfellet vil Litlabø mottak bli drifta ut mars neste år.

– Me driftar mottaket til og med mars 2018. Så vil me følgje mottaket opp vidare, med møte både med dei og kommunen for å takke av på ein skikkeleg måte, seier Thune.

Viktig arbeidsplass

Ordførar Gaute Epland, foto: Jonas Sætre/Stord24

Ordførar Gaute Epland (Ap) seier at det leit at mottaket på Litlabø no vert lagt ned.

– Eg synest dette er synd og leit. Det har vore ein god og viktig arbeidsplass på Litlabø, og dei har gjort ein kjempejobb saman med frivilligheita i bydelen for å ta i mot unge innvandrar på ein veldig god måte. Det seier litt at dette er eitt av dei siste EMA-mottaka som vert lagt ned i landet. Sjølv om det ikkje er ein trøst i dag.

Nedlegginga av mottaket vil også få økonomiske konsekvensar for kommunen. Stord kommune får tilskot for å vere vertskommune, og har etter kvart bygd opp eit stort apparat rundt flyktningar.

– Dette blir ein økonomisk utfordring for kommunen, og noko me kjem til å ta vidare med UDI, slik atme kan få dei faste inntektene me har budsjettert for i 2018. Men sjølv om me mister tillegget så blir det ikkje heilt enkelt å rigge ned tilbodet me har rigga opp, seier Epland.

Mottaket på Litlabø blei opna under den store migrasjonsbølgja i 2015. I dag er det 18,5 stillingar, fordelt på totalt 26 tilsette.