
Malingsbutikken på Heiane har lagt ned butikken etter å ha opplevd kraftig fall i omsetnaden.
Flügger Farve starta opp på Stord i 2014. Etter dryge fire år i drift er det slutt. Malingforretninga på Heiane vart meldt oppløyst 1. februar.
Forretninga er registrert med fire tilsette, og er i heilskap eigd av Malerfirma O. Kjelsnes.
Fkügger Farge hadde i 2017 eit dramatisk fall i omsetnaden. Dei gjekk frå 4,3 millionar kroner i omsetnad i 2016 til 2,5 millionar kroner året etter. Rekneskapstala frå 2018 er ikkje offentleggjort.
Det er ikkje berre på Stord at den danske malingskjeda slit. I september i fjor skreiv DN at selskapet har tapt 107 millionar kroner i Norge på fire år. Fem andre butikkar i Norge har blitt lagt ned som følgje av den svake drifta.
Malingsbutikken opplever spesielt sterk konkurranse frå byggevarekjedene.
«Konkurransesituasjonen er sterkt prega av mange byggevarekjeder som sel maling og tilbehør» skreiv selskapet i årsmeldinga si i fjor.
Det har ikkje lukkast Stord24 å kome i kontakt med dagleg leiar Trond Kjelsnes.