Gruppeleiar i Høgre, Sverre Olav Svarstad (H). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Koalisjonen vil hindre dei mest dramatiske kutta i Stord-budsjettet ved då endre på reglane for korleis ein skal kunne bruke eigedomsskatten.

Gruppeleiar i Stord Høgre, Sverre Olav Svarstad, var svært kritisk til opposisjonen sitt forslag om å endre på reglane for korleis ein skal kunne bruke eigedomsskatten.

– Det var ingen jubeldag då me innførte eigedomsskatt. Me har likevel sett at valet var naudsynt. Men me har hatt ein felles oppfatning av at eigedomsskatten skal nyttast til investeringar, og ikkje bli nytta til driftsbudsjettet når ein er at ein ikkje kjem i mål. Det har vore ein klok veg å gå, sa Svarstad.

Urovekkjande

Høgre-politikaren meiner det vil vere uheldig at kommunen skal gjere seg endå meir avhengig av eigedomsskatten.

– Det er urovekkjande at ein ønskjer å bruke eigendomsskatten ved å betale for kapitalkostnadane, som er ein driftsutgift. Stord Høgre kan ikkje støtte dette. Me veit heller ikkje korleis skjebna til eigedomsskatten vil bli. Difor er det viktig å ikkje gjere seg avhengig av eigedomsskatten.

- Annonse -

I budsjettframlegga til dei store opposisjonspartia Høgre og Framstegspartiet, var det kutt i drift og investeringar i kommuneadministrasjonen som skulle demme opp for utgiftene.

– Med eit budsjett på 1,3 milliardar kroner meiner me at ein bør kunne hente inn meir pengar ute i organisasjonen. Eg opplever fagorganisasjonene også som positive til å gå inn i ei slik utfordring, sa Svarstad.

Slik ville Stord Høgre prioritere budsjettet:

  • Auka tilskot til Kyrkjeleg fellesråd med 150.000.
  • 300.000 kroner til KS sitt digitaliseringsprosjekt
  • Vil fase inn 2,5 til vedlikehald for å sleppe bruk av eigedomsskatt til drift
  • Vil fjerne støtta til Haukelivegen AS, Hordaland Olje og Gass og gards- og ættesoga
  • Vil gi 250.000 kroner til Stord Maritime Museum i ein overgangsfase
  • Vil løyve 250.000 kroner til fritidsklubbane
  • Vil løyve 500.000 kroner til tilsetjing av kommunal psykolog
  • Vil gi 430.000 kroner i auka elevressurs
  • Opprettheld tilskot til Kirkens Bymisjon, Frisklivssentralen
  • Støttar nedlegging av barnehagen på Litlabø

Høgre vil i hovudsak spare inn på budsjettet ved å spare inn 6,7 millionar i uspesifiserte effektiviseringstiltak, som kjem i tillegg til dei sju millionane som allereie ligg inne i rådmannnen sitt budsjett.

Dei vil også gjennomføre større innsparingar på investeringsbudsjettet. Høgre vil utsetje oppgraderingane i rådhuset, som er rekna til å koste nær 10 millionar kroner. Deivil også utsetje oppgraderingar innan park- og friluftsareal, og utsetje planlagte oppgraderingar ved Stord kulturhus. Samtidig ønskjer dei avvikling av betalt matpause for kommunalt tilsette.

Slik ville Framstegspartiet prioritere budsjettet:

Framstegspartiet vil spare inn heile 9,5 millionar kroner på effektivisering og reduksjon av stillingar i kommuneadministrasonen. Slik vil dei fordele budsjettet:

  • Vil redusere sju stillingar på mellomleiarnivå i kommunen.
  • Vil løyve pengar til Frisklivssentralen, Kirkens Bymisjon og Hamna kontaktsenter
  • Vil løyve pengar til tilsetjing av psykolog
  • Løyvar 350.000 kroner til Stord Maritime Museum
  • 360.000 kroner ekstra til fådelt skule på Litlabø
  • Vil fjerne to millionar frå føreslått oppgradering av Gamlehallen på Vikahaugane, og heller bruke pengane på vedlikehald av kommunale bustadar
  • Vil løyve to millionar til vedlikehald av kommunale vegar
  • Vil løyve 1,8 millionar til brakkebygg på Langeland skule, og auke driftsmidlane med 600.000 kroner.
  • Vil be rådmannen sjå på moglegheit for privat drift ved Litlabø barnehage
- Annonse -