- Annonse -

Sigbjørn Framnes (Frp) meiner Ap-ordførar Gaute Epland burde vere meir nøytral når han promoterer førehandsrøysting i Rådhuset på Leirvik.

For nokre dagar sidan publiserte Facebook-sida til Hordaland Arbeidarparti ein video der Stord-ordførar Gaute Epland står utanfor rådhuset i Leirvik i ei jakke med Ap-logo og oppmodar folk til å nytte seg av førehandsrøysting.

Dette før Stord-politikar Sigbjørn Framnes (Frp) til å reagere. Han meiner Epland ikkje burde promotere Arbeidarpartiet samtidig som han som ordførar promoterer ei kommunal teneste.

Sigbjørn Framnes. Foto: Stord kommune

– Bør vere nøytral

– Er det bare meg som reagerer når ordføraren i Stord kommune står framføre rådhuset i fullt Ap-utstyr og profilerer førehandsrøysting i kommunen? For meg bør ein ordførar vere «litt» nøytral om han profilerer ei kommunal teneste.

Han får støtte frå tidlegare Austevoll-ordførar og leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad.

- Annonse -

– Ja, dette var ikkje bra. Hadde aldri pins på meg ein gong når eg skulle representere heile kommunen i slike settingar, skriv Njåstad i ein kommentar.

– Ikkje enkelt å vite

Høgre-politikar på Stord, Per Audun Halleraker reagerer også på promoteringa, men forsvarar Epland med at han er fersk i ordførarstolen.

– Problemet er: frontar ordføraren her førehandsrøysting eller frontar han Ap? Ordføraren vår er ganske fersk, og noko slingringsmon må han få. Sikkert ikkje enkelt å vite for han heller. Bodskapen hans er vel ingenting å utsetje på. Me ønskjer at flest mogleg nyttar seg av å røyste, skriv Halleraker.

– Uproblematisk

Gaute Epland seier til Stord24 at han ikkje er samd i kritikken frå Framnes.

– Det går tydeleg fram at det er Hordaland Ap som står bak videoen. Dei har laga tilsvarande filmar med andre Ap-ordførarar i fylket for å minna om førehandsrøysting og oppmoda til å bruka stemmeretten. Eg hadde vore einig med Framnes om det var Stord kommune som stod bak. Då hadde det vore upassande å ha på seg Ap-effektar.

Stortingsrepresentant og tidlegare ordførar Magne Rommetveit (Ap) meiner også at videoen er uproblematisk.

– At Stord-ordføraren frå Arbeidarpartiet har på seg ei jakke med Arbeidarparti-emblem når han opplyser om at førehandsrøystinga til stortingsvalet no startar, kan vel ikkje vera noko problem. Veljarane gjer sine val ut frå eigne vurderingar.

Sjå videoen her:

Les mer om vår politikk

Er du ikkje sikker på om du har tid til å stemma på valdagen? Frå 10. august kan du førehandsstemma! Hugs å bruka stemmeretten viss du vil ha ei ny regjering 🙂

Geplaatst door Vestland Arbeidarparti op Dinsdag 8 augustus 2017

Er det bare meg?Som reagerer når ordføreren i Stord kommune står framfor rådhuset i fullt AP sitt stand utstyr og…

Geplaatst door Sigbjørn Framnes op Zaterdag 12 augustus 2017

- Annonse -