Kristoffer Hus Koløen og Gustav Hus Koløen viser fram våpna. Foto: Amalie Sydnes / Stord24
- Annonse -

Fleire skuter har lagt til kai på Vikjo denne veka. Både store og små fekk kome ombord på skuta ”Atyla”og sjå piratane frå Spania.

Brødrene Kristoffer Hus Koløen og Gustav Hus Koløen fekk til og med duellere mot piratane. Ein heftig sverdkamp resulterte i at 4-åringane vann både sverd og sjørøvar-pistol.

– Eg klarte å stele pistolen hans, fortel Kristoffer og viser nøgd fram gevinsten sin.

– Det er veldig kult å vere på ein ekte sjørøvarskute og å få møte ekte piratar, legg broren til.

- Annonse -
Foto: Amalie Sydnes / Stord24

 

70 barn og vaksne fekk stige ombord på seglskuta Atyla i frå Spania i dag. Skuta er ein replika for dei gamle skutene i frå 1800-talet, og du får ei skikkeleg piratstemning ombord. Mannskapet hadde arrangert eit pirat-show og kledde seg ut i flotte kostymer.

- Annonse -